Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

Fortviler over «nye» Dragavika

Småbarnsforeldre fortviler over forandringa av Dragavika. Badeplassen er erstatta med krappe steinar og ein steinlagt sti. Fleire ungar skal skada seg i sommar.

Av Mona Terjesen

«Eg skulle gjerne visst kva dei som besudla Dragavika tenkte, då dei planla «oppgraderingen» av badeplassen som me er så glade i. Fin sand er bytta ut med store, glatte steinar – med så store mellomrom at små føter setter seg fast. Badeturen vår i går enda opp med oppskrapte ungar».
Dette innlegget la Monica Maagerud ut på Tysvær Bygdeblad si facebookside førre veke. Responsen var enorm. Det er tydelegvis mange andre som deler oppfattinga hennar av det som skjer i Dragavika.
«Godt å sjå at det ikkje er berre me som tenker dette», seier ei.
«Det ser jo farlig ut, rett og slett. Eg går ikkje der med ungane mine med det første», skriver ei anna.
«Direkte farlig slik det er no. Min gut sklei på steinane sist me var der».
«Sonen min skrei på steinane og slo seg i går. Me måtte berre gå heim igjen. Synes det er utruleg trist for oss med småungar å miste ein så flott badeplass»…

Populær plass
– Eg har fått mykje respons etter at eg tok dette opp på facebook. Me er utruleg glade i denne flotte plassen, me som bur her, og det er veldig trist om me skal måtte miste badeplassen vår. Eg håper og trur at kommunen har ein vidare plan her. At det ikkje skal bli slik som det ser ut no. Håper dei har planer om å lage til strand med fin sand i enden der det er ledig, seier Monica og peiker langs vika.

Les heile saka i papiravisa