Investér i inkludering

Tysvær har eit av dei beste barne- og ungdomstilboda i landet. Eg kan vanskeleg sjå at nokon kan matche mangfaldet og tilboda som finst, frå den minste bygd til sentrum i Aksdal.

Svært mange idrettar byr på aktivitetar seint og tidleg. Kulturen har også ein stor arena å vise til. Med kvalitet og topping i den eine enden av skalaen, bredde og allemannskultur i den andre.
Likevel meiner eg det er ei kommunal oppgåve å fange opp dei som ikkje «er med på noko», og sjå kva grunnen til dette er. I dagens avis kan ein lese om eit tiltak om gratis barnehage for 4 og 5-åringar, kor det er økonomiske grunnar som gjer at dei ikkje har søkt om barnehageplass i dag.
For det er inga hemmelegheit at det sit for mange barn og unge på gjerdet til våre flotte idrettsanlegg, fordi familien ikkje har råd. Det er heller ingen som nektar for at mange ikkje er med i korps eller kulturskulen av same grunn. Alle veit om det, mange meiner at sånn er det berre.
Eg meiner det må vere ein integrerande kommune si plikt å ta dette på alvor. Det må kunne gå ann i 2015 å komme til einigheit med lag og foreiningar om å ha med gratispassasjerar, som ein del av den sosiale integreringa. Dette er eit så viktig arbeid at det burde stått øvst på alle parti sine valkampprogram.
Me har skrive før om barn og unge som rek rundt om i kommunen og ikkje heilt veit kva dei skal finne på. Når kompisane er på trening eller cup, så må dei reagere på sin måte. Ikkje alle gjennom herverk, men alle gjennom dårlege sosiale opplevingar. Å vere på skulen eller i kameratgjengen, og stadig få høyre kor kjekt ein har hatt med korpset eller på handballaget, må vere noko av den alvorligaste sosiale avvisinga me påfører dei. Sjølvsagt heilt ubevisst. Eg treff ungar og ungdom eg meiner burde vore med på organiserte aktivitetar, og dei seier dei ikkje vil, ja då ringer det temmeleg tydelege klokker, i alle fall hos meg.
Eit anna, og ei minst like alvorleg ekskludering, er barn og ungdom som kjem til Tysvær som flyktningar. Mange av dei slit med å finne vener, og å lære seg norsk. Kan det finst ein betre og tryggare arena enn i lag og foreiningar for desse ungane. At det kostar å vere med i laga kan me ikkje gjere noko med. Men me må kunne tilby desse nye tysværbuane eit innkjøringstilbod, som gir dei ein mulegheit.
I «pakken» dei får når familien kjem til Tysvær burde det være ein sjølvfølgje at gratistilbod i lag og foreiningar var ein del av det. Det er ein pris samfunnet må være villige til å ta, om me ønskjer mest muleg likskap for barn og unge. For gevinsten kan bli formidabel.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør