Tormod Kydland og Olav Runestad møtast nok igjen på måndag. Kom deg på kamp, for dette blir bra. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tormod Kydland og Olav Runestad møtast nok igjen på måndag. Kom deg på kamp, for dette blir bra. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fotballfri til måndag

Det er ingen av dei lokale fotballaga som skal i aksjon i helga. Men måndag smell det garantert når Nedstrand tar i mot Stegaberg 2. Skjold og Stegaberg skal begge ut i vanskelege bortekampar.

Skjold skal til Sola og møte Sola 2. Då kan unggutane frå Grinde vise at dei er på veg oppover på tabellen.
Stegaberg skal møte Vedavåg 2. Trenar Thormod Ness var rasande sist veke då verken Vedavåg eller Kopervik klarte å stille lag og let Ølen og Sauda på tre gratispoeng i kampen om opprykk. På Sletten kan heimelaget finne på å stille med kva som helst. Det kan bety fem a-spelarar, eller kanskje ikkje…
LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/08/24/frustrert-thormod-ness/

Fest
I Nedstrand blir det garantert både fest og krig på ein gong. «Kompisane» i Nedstrand og Stegaberg 2 møtes til det 3. oppgjeret så langt. NIL står med to sigrar. Sist laga møttes tok det heil av på Frakkagjerd. Innsats blir det garantert også denne gongen.
Møt opp i god tid før kampstart klokka 20.00. Til å lede slaget om 7. divisjon i Tysvær har RFK satt ein ekte Tysvær-dommer i Petter Mortveit, Skjold. Han hadde full kontroll i treningskampen i vinter, mellom laga.

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/04/28/nedstrand-vann-klassisk-lokaloppgjer/