Benedikte Kyvik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Benedikte Kyvik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nesten for vakkert

Trenger du musikk som kan skape den rette stemninga i haustmørke. Her er eit tips.

Benedikte Kyvik hadde konsert i Haugesund under Kulturnatt og slepp i desse dagar albumet «On a string». Og la det vere sagt med ein gong, dette er «nytemusikk» av beste sort.
I klassene lett pop, jazz og viser leikar Kyvik seg gjennom et spanande utval gode låtar på sin måte. Ofte aleine berre med gitar og piano som akkompagnement. Og det fungerer, for stemma til artisten er det ingen feil med. Det er klokkereint og tydeleg.
Det kan vere lett å lene seg tilbake og berre sveve med, noko som gjer at fleire av songane glir litt inn i kvarandre. Likevel kjem det opp kjent materiale som får ein til å lytte litt ekstra nøye på.
Eksemplar er «Everybody hurts» og «I kissed a girl». Solide tolkingar først og fremst fordi Kyvik held seg til sin stil og ikkje berre lar seg drive med av tidlegare utgitte versjonar.
Spesielt «Everybody hurts» var ein godbit på plata.
Nesten
Problemet, om ein har lov å kalle det for det, er at det blir nesten litt for fint. Det er eit kvalitetsalbum, men musikarane og Kyvik held seg stramt innan grunnideane sine, og her er ikkje rom for soloutspel av noko slag. Kvart instrument, kvar lyd og stemme er perfekt tilrettelagt for kvar enkelt song.
Så totalt sett blir dette nesten for vakkert, men også tett opp til perfekt i denne sjangeren.
Benedikte Kyvik har flytta frå Haugalandet og har etter ein periode i Stavanger nå busett seg i Oslo. Men bandet til heimlege strøk gjorde det naturleg å sleppe CD-plata under Kulturnatt. Ein flott konsert i Festiviteten viste absolutt fram artisten sitt register.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Benedikte Kyvik

Skjermbilde 2015-11-05 kl. 11.49.33

«On a String»
Daniel Engen Productions
Utgitt: okt. 2015