Espen Eriksen er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Spelemannpotensiale

Espen Eriksen Trio er ute med ny plate. På CD og vinyl. Ei plate mange bør sikre seg, ikkje minst spelemannkomiteen.

Det kan diskuterast kor nyskapande og vanskeleg det er å levere slik trioen på nytt gjer. Det som ikkje kan diskuterast er kor velspelande det er og kor kvalitetsmessig gjennomført det er. Det er pianostemma til Eriksen, bassen til Lars Tormod Jenset og ikkje minst trommene til Andreas Bye.
Før me går laus på låt for låt, må eg få komme nærare inn på dei to følgjesvenene til Espen Eriksen.
Eg har høyrt Jenset og hans bass både på plate og live. Ein ting slår meg. Hans balanse mellom det energiske i det eine augeblikket, for så å gli over i sugande solospel som riv og slit i sjela. Eg blei imponert då eg fekk den første plata «You Had Me At Goodbye» i 2010. Sidan den gongen er basspelet til Jenset blitt ei eiga oppleving på dei tre platene.
Bye sitt register som trommeslagar i trioen kom for ein dag då dei spelte live under Sildajazzen i Haugesund. Då hadde dei nett gitt ut «What Took You So Long». Han speler trommer, han slår ikkje.

Totalt sett blir duoen eit dampande lokomotiv som støttar opp om Eriksen pianospel på ein heilt unik måte.

Totalt sett blir duoen eit dampande lokomotiv som støttar opp om Eriksen pianospel på ein heilt unik måte.
Eg har leita og funne artistar som liknar på Espen Eriksen Trio. Litt for å finne meir musikk i denne gata, mest for å høyre kor bra dette er målt mot andre. Utan å ta i for hardt snakkar me her om internasjonal toppklasse innan denne sjangeren av jazz.
Kanskje er dette «vår» neste Spelemannprisvinnar.
January
«Never Ending January» blir gitt ut på Rune Grammofon denne veka og inneheld åtte nye låtar signert Eriksen.
Me har lytta og leita oss gjennom dei.
Her er dei låt for låt:
«Grounded»
Eriksen får oss rett inn i lyttesona. Jenset følgjer opp, og forventningane stig i takt med introen. Klokkeklart og samspelt. Det er berre å sette seg til rette og finne det rette lydnivået. Og ja, det tåler å bli spelt høgt. Ein melodiøs og vakker start på plata. Alle tre held seg i skinnet, og går for samspelet.
«Floating»
Kunne like godt hatt namnet «vårelv» eller «sommarkveld» for den slags skuld. Eriksen er ein filmmusikkskapar utan film. Musikken gir likevel bilete som rullar og går gjennom hovudet på den som lyttar. Her er det Eriksen sjølv som kjører melodilina til det yttarste. Pianoet slepp litt ut i det fri. Jenset og Bye heng seg på og me snakkar om musikk som driv fram mot eit eller anna der ute. Stilig.
«In The Mountains»
Her treng ein ikkje lure på kor ein skal eller er. Dette er Eriksen slik eg har blitt glad i musikken hans. Herleg komp på pianoet med trommer og bass som ein herleg lettvegg i bakgrunnen. Pianolyden slepp ikkje gjennom, men slår tilbake mot lyttaren. Soleklart ein ny favoritt og ein signaturlåt for trioen.
«Gravity»
Kanskje det einaste innslaget på plata som det tar tid å finne seg til rette med. Nydeleg start, men så glir det ut litt her og der. Mye bra basspel innimellom, men etter ein knallstart, så blir dette litt «ein på dusinet».
«Brian»
Ei nokså lik låt, men denne gongen er pianostemma mykje meir sentrert og lar seg rive opp av trommer. Igjen kjem denne kjensla av filmmusikk snikande. Igjen dukkar det opp bilete av natur, sjølv om namnet på låta fortel noko anna. Natur og Eriksen sine pianostemmer går hand i hand. Ein opptur av ein låt.
«Never Ending January»
Eg er alltid spent på tittellåtar. Den kan bety mykje for plata, men kan også vere eit sidespor. Den behagelege melodilinja minner litt om gitarinstrumentalar me lytta til på 1980-talet. Endeleg kjem Lars Tormod Jenset til for fullt. OK, litt for oss lyttenerdar er nok denne. Men du verda for ein bassist, og for ei fantastisk låt. Det er så sårt at ein kjenner det. Skru opp og nyt.
«Cold Front»
Bye kjører tempoet i denne låta som driv forbi som ein iskald vintervind. Eller kanskje er det berre stemninga som er ute når det er varmt og godt inne. Det er sjølvsagt fritt for komponisten å gi instrumentallåtar dei namna ein vil, men kulden kjem når Jenset drar fram bogen og kjører solo. Litt annleis Eriksen Trio, men det passar mot slutten av plata.
«Hade»
Tittelen kan på vestlandsk bety ha det. Likevel, dette er ikkje noko farvel, for her er me inne i bass- og trommespel som lokkar fram ein ny runde i spelaren. Bassen er så sår og så djup at ein berre lar seg rive med på noko så vakkert som ei moderne jazzlåt av 2015. Me snakkar om ei kort og grei skive med åtte songar. Tettpakka i opplevingar frå spor ein og til melodiøse «Hade». Så får den bety kva den vil. Me vil i alle fall ha det.

Plata er tilgjengeleg både som LP og som CD. Ikkje før om eit halvt år kan den streamast, men det blir muleg å laste den ned. Men denne folkens, er til å ha langt framme i platesamlinga.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Never Ending January

Skjermbilde 2015-09-09 kl. 10.01.36

Espen Eriksen Trio
Espen Eriksen, piano
Lars Tormod Jenset, bass
Andreas Bye, trommer
Rune Grammofon
2015