Øystein Sunde spelte i Tysværtunet i kveld. Det blei betre og betre utover i konserten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Øystein Sunde spelte i Tysværtunet. Det blei betre og betre utover i konserten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skal det være….

Kan hende er det eit blylodd i livet når ein er nasjonal visesongar på toppnivå. Det at folket vil ha meir av det beste, og minst muleg av det neste.

Det er kjensla etter 90 minuttar Øystein Sunde. Det er «Kjekt å ha» vore i storsalen og kosa seg, men litt for tamt til å ikkje kreve litt meir før ein lukkar og drar.
La det vere klart med ein gong. Øystein Sunde har framleis det lille ekstra som sender han høgt opp på tabellen over enterteinarar i Noreg. Munnrapp så det held, fingernæm på gitar og full av lunefull moro mellom songane.
Men slikt skapar også store forventningar kvar gong han marsjerer ut på scena i kulturhus landet rundt. Ein kan liksom ikkje tillete kvileskjer.
Då Sunde slo gjennom var mange av dei frammøtte i salen i den rette alderen og satt klistra til høgtalaren og prøvde å synge med på kjappe gitarlåtar med dei mest underfundige tekstar. Om det var om modellfly, bilar eller bukser som ikkje passa, så var det hysterisk moro, men umuleg å synge med på.

Gitaristen
Sjølv om tekstane er morosame er det som gitarist Sunde har hausta mest skryt. I Tysværtunet sluntra han fingerrapt i gong, men det tok litt tid før det tok av og heile potensiale kom for ein dag. Ikkje rart at det skjedde på ein norsk versjon av hiten «Johnny B. Goode». Chuck Berry sin klassikar er som skapt for Sunde sine kjappe fingrar og fekk opp temperaturen i salen.
God stemning var det også på «Måkkekommeherogkommeher» og ein av dei folket ville ha «Skal det være noe mer før vi stenger». Likevel blei det litt avstumpa då det heile, etter ekstranummeret, blei runda av med berre eit vers av, kanskje den dei aller fleste ville ha, «Kjekt å ha».
Ordspelaren
Sunde var minst like god på stand-up som visesongar. Folk kosa seg og lo, og det skulle berre mangle. Ordspela og historiene hadde med det meste.
Og det er ein styrke mange andre artistar bare kan konstatere at det skulle dei så gjerne hatt. Det er dette fantastiske blikket han har for detaljar, som han før lagde tekstar om, og som han nå lagar gode historier om.
Han er ein av Gitarkameratane og det er vanleg at ein snakkar om dei som ikkje er der.
– Eggumen har kjøpt seg lommeløkt, kom det frå Sunde, som haldt igjen akkurat lenge nok til at folk kunne tygge litt på den, før han kom med at det var snakk om ein Tesla. Spontan latter og spontan applaus.

Meget i Sløyd
Bak seg hadde Sunde kvartetten Meget i Sløyd.
Fingerrappe og musikalske så det held dei også. Uansett kor dyktige dei er vil dei for all tid vere dei som står bak Øystein Sunde. Men det såg dei ut til å trivst med. Eit stødig komp, litt for stødig kanskje, men det får så vere. Fint og reint var det.
Å høyre Øystein Sunde saman med Meget i Sløyd i 2015 var ei blanda oppleving. Muleg me hadde for store forventningar, men kjekt var det uansett. Etter å ha lytta til Sunde i fleire tiår, kan me slå fast at han framleis har mykje å gi, og at gode historier kan forteljast både med gitarakkompagnement og som stand-up.
I tillegg fekk han inn eit par spark mot forbrukarsamfunnet, kast og bruk, me lev i. Ikkje verst for ein som har laga «Kjekt å ha»…

Alf-Einar Kvalavåg

Øystein Sunde

Konsert
Øystein Sunde
Meget i Sløyd
Tysværtunet
230 frammøtte
Litt gamalt og litt nytt,
i spedd god humor.