Alle mann ut og jogg... Slik skal det vere. Foto: Morten Salvesen
Alle mann ut og jogg... Slik skal det vere. Foto: Morten SalvesenBilde 1 av 6
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 13.07.06
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 13.07.13
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 13.07.20
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 13.07.27
Bilde 5 av 6
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 13.07.36
Bilde 6 av 6

Førland jogga for Nepal

Det er tydlegvis tida for joggedagar på skulane i Tysvær På Førland jogga dei for at barn i Nepal skal få det betre.

– Fantastisk innsats for jordskjelvramma vennskapsskole i Nepal på joggedagen i dag! Blide barn, ansatte og foreldre – og heiagjeng fra barnehagen skapte flott stemning, seier rektor Morten Salvesen som har sendt oss desse bilete frå joggedagen.

Elim Kids Academy er ein skule i Kathmandu, Nepal med ca 270 elevar frå 1.-10. klasse. Ca 70% av desse kjem frå heimar der foreldra ikkje har økonomi til å betale skulepengar for barna sine. EKA blir driven av ekteparet Kabo, som brenn for at barn frå alle lag av folket skal få god oppvekst og utdanning. Lærarane har utdanning, noko som ikkje er vanleg i offentleg skule, og det viser seg i svært gode resultat.