God stemning i Kinsarvik når Førre Musikkorps har seminar. Foto: Privat
God stemning i Kinsarvik når Førre Musikkorps har seminar. Andreas Elverhaug, Rina Tysse og Ida Saltveit. Rebekka Tysse i bakgrunnen. Foto: Privat

Førre-musikantar finn haustformen i Hardanger

Førre Musikkorsp har starta sesongen med samling i Kinsarvik. Dette er ein tradisjon korpset har hatt stor suksess med.

Omlag 40 musikantar og føresette har satt kursen for Hardanger og sitt tradisjonelle seminar. I år er det Martin Kinn som er dirigent.
Me sendte ein teksmelding innover og fekk følgande svar på kva som skjer på eit slikt seminar:
– Det er for å skape godt humør og samhold, og mykje speleglede. Likevel er det hard jobbing og me jobbar nå med hyllestkonserten til Jakob Birk seinare i vinter. Det skal også vere god tid til leiker, ballspel og bading. Om kvelden er det underhaldning kombinert med litt teori. Både musikanter og føresette får brynt seg.

Skjermbilde 2015-10-04 kl. 18.03.52