MArtin Vestbø (t.v.) skåra vinnarmålet mot Vedavåg 2 i kveld. det betyr at Mandius Vårvik og Stegaberg må vente til fredag før det kan bli avgjort kven som rykker opp. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Martin Vestbø (t.v.) skåra vinnarmålet mot Vedavåg 2 i kveld. det betyr at Mandius Vårvik og Stegaberg må vente til fredag før det kan bli avgjort kven som rykker opp. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Stegaberg må vente til fredag

Ølen vann 1-0 over Vedavåg 2 i kveld etter ein skåring av Martin Vestbø. Dermed må Stegaberg vente til fredag før dei eventuelt kan sikre seg opprykk til 4. divisjon. Då kjem nettopp Ølen på besøk til Frakkagjerd.

Begge lag hadde ein del store sjansar, men Ølen gjekk seirande ut av kampen på kunstgrasbanen ved Karmøyhallen.
Resultatet i kveld betyr også at Falkeid kan ta igjen Vedavåg 2, men då må dei mellom anna slå Ølen, noko som betyr at Stegaberg rykker opp.

Da er situasjonen slik når det står igjen to kampar:
Stegaberg 20 47 (44 +mål)
Sauda 20 45 (36 +mål)
Ølen 20 41 (36 +mål)

Stegaberg – Ølen
Etne – Stegaberg

Stegaberg – Ølen
Ølen – Falkeid

Sauda – Etne
Ferkingstad – Etne