For ein haust

For ein haust det blir for dei som liker kultur. Konsertar, teater, bLEST og allereie er fleire spennande juleframsyningar på plass.

Eg veit ikkje om du som tysværbu er klar over kva «lottogevinst» av kulturtilbod som dett i hovudet på oss kvar einaste haust. Det er rett og slett vanskeleg å velje, og alt kan ein rett og slett ikkje få med seg.
Det som er ekstra stas denne hausten er at arrangementa spriker i alle retningar. Frå samstemte tenorar, via barnesong til bondefest med Vassendgutane. Frå kyrkjerom, via kulturhus til storhallen. Ja, i år har ein til og med funne stader ein ikkje visste det kunne arrangerast kultur, for å få gjennomført heile bLEST.
I Haugesund skal tradisjonen tru tysværbuar igjen vere med å sette byen på hovudet under Kulturnatt.
Me er heldige. Om me fortener det i slikt monn, er eg litt meir usikker på.
For det er ikkje kø i billettlukene. Me er ein kresen gjeng. Nokre av «oss» er alltid der og held kulturlivet i gong. Det ser me når me er ute på jobb. Av og til kjennest det som om det er dei same me treff på. Om det er Vamp eller kyrkjekonsert. Om det er musikkorps eller rock. Kor er alle dei andre? Vil ikkje dei ha eit rikt konsert og teatertilbod. Ventar dei berre på den eine artisten?
Eig veit ikkje, men eg spør.
For det å drive med kulturarrangement i Tysvær har eg skrive om mange gonger. Det er risikosport. Det er heilt umuleg å vite på førehand, når artistar skal bookast, om dette fell i smak. Går ein gjennom årets haustprogram i Tysvær, burde det stått utselt på mange av arrangementa. Det gjer ikkje det. Slik skaper usikkerheit hos både liten og stor arrangør.
Eg skal ikkje «jage» nokon på arrangement, men vil minne om at dette ikkje er noko ein kan leike butikk med.
Tysværtunet er på mange måtar unikt. Tilbodet er breitt og omfattande. Profesjonell kvalitet går hand i hand med det lokale amatørtilbodet, og gjer at me faktisk kan slå oss til brystet å seie; me har det i Tysvær. Men det kostar pengar, mykje pengar.
Sysco Arena skulle ta seg av dei store namna. Det ser ikkje ut til at tysværbuen, eller haugalendingane vil det. Folk snakkar om å gjere noko saman, men det er stusseleg det som skjer.
Småsalar som Verkstaden og Fjørsilkebris klarer seg på grunn av servering og fleksible bygg. Dei tenkjer nytt og gjer kulturtilbodet vårt endå breiare.
Kulturhausten 2015 må vere den beste nokon gong i Tysvær. Det er noko for ein kvar smak. Oppfordringa må vere å tørre å «smake» på noko nytt. Ta ein eller annan med deg, og opplev det beste kultur-Noreg har å by på.
Medan me framleis har det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør