Andreas Petersson og Lotte Torgeirsen leverte under Kulturnatt.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Andreas Petersson og Lotte Torgeirsen leverte under Kulturnatt.

Først Kulturnatt…

Andreas Petersson og bandet Lausungan var tidleg på ann, under Kulturnatt i Haugesund.

Men bandet var tydelegvis inspirert av at det nærmast var fullt hus og god stemning på Café Rêne. For sjølv om plata «Brevkurs» har fått strålande meldingar etter at ho kom ut, var bandet og Petersson om muleg endå betre frå scenen. Og til helga kan ein oppleve dei på Verkstaden i Tysvær.
Godt hjelpne i veg av hiten «Så fin du va» hadde dei tidleg publikum i si hole hand. Dyktige musikarar og ein flott vokal, også av Lotte Torgeirsen, gjorde at frontfigur Petersson berre kunne kjøre på.
Stort sett haldt det å gjere litt oppgira versjonar av materialet frå plata, og stemninga i salen senka og steig i takt med låtane.
– Kjekt å registrere at publikum var med. Dette var ein herleg konsert for oss. Tett på og med mykje folk, sa vokalist Petersson etter ein snau time.
Viktig
For bandet som har base i Egersund, men med musikklærar på Frakkagjerd Petersson i spissen, er slike konsertar viktige. Etter mykje skryt er det godt å komme seg ut og opp på ein scene. Difor er også laurdagens konsert på Verkstaden eit nytt steg.
Eg har vore der på konsert tidlegare og det fungerer svært bra som konsertstad. Me kjem til å spele både dei nye låtane, men også eit par me har på lur. Eg håper det kan blir ein like flott kveld som me hadde her i dag, seier Petersson.
I salen var det mange kollegaer å sjå. Dei støttar opp om Petersson, og det er ikkje vanskeleg. Dette er musikk som ein toler å høyre om og om igjen. På grensa mellom pop, rock og folk. Litt Tom Waits, litt Springsteen og litt norsk folkerock.
Konseptet
I utgangspunktet skulle det ha vore ein jobb å gjere for Andreas og Lausungan på ein liten scene før klokka 20.00 ein laurdagskveld på kaien i Haugesund. Folk sprang frå og til diverse arrangement, og det kunne fort blitt noko stress av det heile. Men det skjedde ikkje. Bandet tok kontroll over Café Rêne frå første tone og då «Så fin du va» kom som eit ekstranummer var det meste gjort. Folk smila og lo. Dei hadde fått ein knallstart på kvelden. Mange tok seg ein halvtime og ein halvliter, før dei traska vidare. Garantert nynnande til «Så fin du va». Den har det litle ekstra som gjer den til ein hit. På radio og på scene.
Heldige var me som fann vegen til Maritim-kaien denne kvelden.

Alf-Einar Kvalavåg

Konsert

Andreas Petersson
& Lausungan
Café Rêne
Kulturnatt
Spilte dei fleste og dei beste frå albumet «Brevkurs.
Lausungar er: Jonas Selås Olsen, Anders Vatn Skaldebø, Fredrik Horn, Pål Aarstad Ellingsen, Ingvar Hovland (ikkje med i Haugesund)og Lotte Torgeirsen
Omlag 50 minuttar
200 frammøtte