Okersol er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Okersol er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Den som ventar….

Okersol kjem med nytt album «For deg» og hadde lanseringsfest på laurdag.

Etter fem lange år kan fansen glede seg over ein ny lokal godbit frå øvste hylle. Okersol har etablert seg i visepopsjangeren sin toppklasse.
Det har gått fem år sidan suksessen «Dragning» og det er framleis brørne Håvard og Oddvar Helgeland og tekstforfattar Anita Helgeland Wannberg, som står i fronten for Okersol. Denne gongen er også Knut Edvin Norbotten eit fullverdig medlem av bandet.
Tekstande til Wannberg er skrivne på dialekt, og innhaldet er prega av sørvestlandsk kultur, natur og ikkje minst kjærleik. Det totale musikalske uttrykket er eit samarbeidsprosjekt og i visesjangeren, med tydelege spor av både folk, rock, pop og country.
«For deg»
Me har lytta oss gjennom den nye plata som blir lagt ut for sal til helga. Innleiingsvis kan ein slå fast at lydbilete på CD-en er betre enn nokon gong.

Her er plata song for song:
Heile dagen
Det opnar umiskjenneleg. Gitarar og Anita Helgeland Wannberg si nydelege stemme. Ein herleg kjærleiksong. Leikent og lett, og ein start på plata som toler å bli spilt mange gonger. Bandet svever i bakgrunnen, gitaren til Oddvar Helgeland er solid og gir låta den tyngda som må til.
Syndeflod
Ein sterk tekst og solid vokal pregar denne sterke songen om at livet slett ikkje er nokon dans på roser. Imponerande sunge på ein tekst som krev sitt. Stilig arrangement kor Wannberg synd duett med seg sjølv. Også her er det gitarspel som driv songen fram, både frå vanleg elgitar, men også frå Norbotten sin steelgitar.
Vakkert, joda. Trist…? ja.
Gitaristen
Den berre måtte komme. I eit band kor gitarstemmene er så dominerande og karane med sine gitar er så viktige. Gitaristen er tekstmessig ordleik som passar godt til gitarane som kjem i alle slags formar utover i songen. Stilig og eit eksempel på at Okersol har fleire strenger å spele på.
Kunne strengt tatt vore avslutta med ein lenger gitarsolo, men dette er stilig.
Frysa tidå
Heilt nytt Okersol i starten før Wannberg glir over i kjent og kjær stilsikker song. Nok ein gong er det stemmen som skaper spenning i starten. Så lettar det, og ut trillar ein ny flott song basert på ein tekst som minner mest om eit dikt som kan tolkast på fleire måtar. Musikk og tekst kjem stadig betre fram på plata og vitnar om eit band som etter langt tid saman, kjenner kvarandre svært godt.
Auga for mirakler
Fengande poplåt som er av dei meir optimistiske på plata. Countrygitarar i bakgrunnen. I tillegg til gitarriff som ein har høyrt på Oksersol-plater tidlegare. Blir fort ein favoritt denne. Første songen på plata der ein har eit heilt band som dundrar på, og løfter både songen og teksten.
Wannberg har ein vokal som også passer til denne type songar, og det hadde kanskje vore rom for eit par til av denne sorten. Blir spanande å høyre live.
Streif
Platas høgdepunkt. Først duett mellom Oddvar Helgeland sin gitar og Anita Wannberg si stemme, før Knut Edvin Norbotten kjem med på vokal og løfter duetten med Wannberg endå eit par hakk.
Ein kjærleiksong av høg klasse som fortener eit stort publikum. Tekstmessig finurleg og artig på mange måtar. Likevel er det måten songen er bygd opp på, mot denne teksten, som gjer dette til eit høgdepunkt.
Dette er Okersol på det aller-aller beste, og det fortel ein del.
Malstrøm
Rett over på ein meir mystisk og tyngre song, Wannberg imponerer igjen med å variere stemmeprakta. Bandet er tett på og det blir det tyngste innslaget på plata. Styrketeikn at ein kan variere slik, og gitarspelet er herleg mellom bass og trommedrønn som utgjer kompet.
Sommaren
Å joda, det er ein ny sommarhit frå Wannberg. «Sommaren» er umiskjenneleg optimistisk Okersol slik me har høyrt dei før. Klassisk Helgeland gitarspel som følgjesvein for ein lett slentrande vokal. Denne kjem garantert til å surre å gå på radioen til neste sommar, om vinteren berre slepp taket.
For deg
Tittelsongen avsluttar albumet. En kjærleiksong i klassisk Okersol-stil. Denne songen oppsummerar alle kjenneteikn som har gjort bandet så populære hos sine lyttarar. Vokal, tekst og gitarspelet. Det er berre å skru opp volumknappen og la seg forføre nok ein gong.
Totalt sett er dette musikk som vil glede svært mange. Okersol har ein musikalitet som gjer det svært behageleg å høyre på dei. Det blir aldri for søtt eller alvorstynga, sjølv om nokre av songane ligg i grenseland.
Som på tidlegare album er miksen av Wannberg sin vokal og Helgeland sitt gitarspel kjernen i suksessen. I tillegg er tekstane ein bLEST-konsert verdig.
Skal me seie til neste år?

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

«For deg»
Okersol
Anita Helgeland Wannberg, Oddvar Helgeland, Håvard Helgeland og Knut Edvin Nordbotten
Utgitt november 2015
Starbox Cassette