Det er ofte god stemning når Sigmund Lier og Ola S. Apeland møtes. Men om 14 dager vil smilet til en av dem forsvinne. Da skal tysværbuen stemme på hvem som blir vår neste ordfører. Arkivfoto: Mona Terjesen
Både Sigmund Lier og Ola S. Apeland har signert budsjettavtalen som blei presentert i går. Arkivfoto: Mona Terjesen

Her er Arbeidarpartiet og Høgres forslag til budsjett

Arbeiderpartiet (Ap) og Høgre (H) legg rådmannen sitt budsjett til grunn med endringar bygd på samarbeidsavtalen mellom partia for 2016-2019.

Budsjettet tek opp i seg dei politiske signala som er gitt for budsjettåret 2015, og viser at kommunen har lukkast med dei omstillingane som er gjort.
Omstillingsarbeidet skal vidareførast i 2016-2019. Målet er å etablere gode og nøkterne tenester i ein bærekraftig økonomi, med eit mål på 3-5% netto driftsresultat.
Samarbeidspartia opplever at det er gode prosessar i omstillingsarbeidet i kommunen. Det er framleis nødvendig å ta drifta ytterlegare ned, og vi oppfordrar rådmannen til å trekkje dei tilsette inn i arbeidet for å finne lokale løysingar som kan gje innsparingar.
Dei frivillige sin innsats er eit viktig bidrag for å sikre gode velferdstenester, gode oppvekstvilkår og ei god eldreomsorg.

1. Omstillingsarbeid – mot og evne til å gjere nødvendige vedtak for å realisere tiltak
Rådmannen har i stor grad har lukkast med driftstilpasningar av tenestetilbodet i Tysvær i samsvar med vedteke spareprogram. Kommunestyret vil likevel gje uttrykk for ei sterk bekymring over kommunen sin høge lønnsandel av driftskostnadane, og konstaterer at dagens nivå ikkje er berekraftig på lengre sikt. Rådmannen bes å gjennom tertialrapportar og rammesak for budsjett 2017 å gjere greie for korleis vi kan stanse den sterke auken som lønnsandelen er av samla drift.

2. Tysvær kommune – ein digital kommune
Rådmannen blir bedt om å intensivere arbeidet med å digitalisere kommunale tenester og servicetilbod. Samarbeidspartia ynskjer ei orientering i februar2016 om korleis IT arbeidet fungerer i kommunen og kva planar rådmannen har for å digitalisere kommunen sine tenester.
Samarbeidspartia ber vidare om at rådmannen startar opp eit digitaliseringsprosjekt i kommunen våren 2016 der ein har som mål at Tysvær kommune skal bli ein føregangskommune på å utvikle og implementere nye digitale/smarte løysingar. Målet er at dette skal bidra til å auke effektiviteten og kvaliteten på tenestene våre, og prosjektet skal dekke alle relevante område i kommunen. Overordna IT program skal vere gjeldande der ein nyttar softwear på tvers av resultatområda.

3. Omstillingsprisen
Tysvær kommune er i omstilling. Det er gode prosessar i alle ledd i kommunen. Med eit motto om at “Alle bekkar små – gjer ei stor Å” vil samarbeidspartia utfordre rådmannen til å dele ut ein omstillingspris til den avdeling som finn gode løysingar for innsparing, samstundes som kvalitet og arbeidsmiljø vert oppretthalde. Ein ber om eiga sak i ADMU med retningslinjer for omstillingsprisen.
4. Sjukefråver
Tysvær kommune har eit høgt sjukefråver, og rådmannen har arbeida med dette over tid. Samarbeidspartia ynskjer at ein held sterk fokus på dette, og set inn tiltak saman med dei tilsette sine organisasjonar for å kunne ta ned det høge sjukefråveret. Ved framlegging av rammesak og budsjett for 2017 skal rådmannen målsette eit nivå for eit akseptabelt sjukefråver.

5. Barnehage
Samarbeidspartia er glade for den offensive barnehagesatsinga ein har lagt til grunn i Tysvær kommune. Vi støttar målet om driftseffektive barnehagar med høg fagleg kompetanse, og vil difor at arbeidet med barnehagebruksplanen vert prioritert høgt.
I Aksdal skal ein arbeide vidare med planar om ein 8 avdelings barnehage. Eventuell utbygging vert vurdert ved handsaming av budsjett for 2017.
Rådmannen blir beden om å sette i gong arbeidet med modullbygg for en 3 avdelings barnehage på Førland. Ein legg til grunn at ein kan nytte eksisterande uteområde og at ein finn gode trafikale fellesløysingar for barnehage, skule og andre.
Finansiering av leige for modulbygg  på Førland og rivingskostnadar vert å sjå inn mot handsaming av rekneskap for 2015 og disponering av resultat for året.

6. Skule
Samarbeidspartia har store forventningar til prosessen med skulebruksplanen.
Vi vil framskunde rehabiliteringsarbeidet ved Førre skule, og ber om at det i første omgang vert gjort utbetringar på uteområda ved skulen. Ap og H ynskjer at uteområda skal framstå utfordrande og trygge for elevar og andre. Samstundes må det setjast igong planarbeid for innandørs oppgradering, gjerne etter same mal som vart nytta ved den vellykka oppgraderinga ved Tysværvåg barne – og ungdomsskule.

7. Idrett- og kulturbruksplan
Rådmannen bes starte arbeidet med ein idrett- og kulturbruksplan der nosituasjon og framtidige behov skal vurderast. Samarbeidspartia ser det som naturleg at dette arbeidet vert vurdert samstundes med skule- og barnehagebruksplanarbeidet.
Arbeidet med etablering av ny kunstgrasbane på Frakkagjerd kan starte i 2016, under føresetnad av at val av område ikkje kjem i konflikt med naturleg utvidingsareal ved Frakkagjerd ungdomsskule.

8. Barn og unge
Samarbeidspartia er opptekne av gode oppvekstvilkår for barn og unge i Tysvær. I den samanheng ber vi rådmannen om å leggje fram sak for Levekårsutvalet med ein statusrapport om korleis barnefattigdom er gjeldande i kommunen vår.
Rådmannen blir bedt om å greie ut om ei omorganisering vil kunne styrke det psykiske helsetilbodet i kommunen med særleg vekt på ungdom og psykisk helse. Lovpålagde oppgåver skal prioriterast. Planen om eit framtidig Familiens hus må leggjast til grunn. Rådmannen bes også å greie ut korvidt det er mogeleg å utnytte ressursane betre mellom Helsestasjon/skulehelseteneste, Psykisk Helseteneste barn/unge og PPT, og om desse om desse tenestene bør slåast saman til to.
Vidare blir rådmannen bedt om å leggje fram politisk sak om barnefattigdom og kva system kommunen har for å avdekke, samt setje inn nødvendige tiltak som sikrar barn og unge i ein slik situasjon.

9. Frivilleg innsats
Dei frivillige sin innsats er eit viktig bidrag for å sikre gode velferdstenester, gode oppvekstvilkår og ei god eldreomsorg. Rådmannen blir bedt om å greie ut korleis ein betre kan styrke samarbeidet med dei frivillige i kommunen gjennom tett dialog med lag/foreningar og frivilligsentral.

10. Sentrumsutvikling
Ap og H viser gjennom samarbeidsavtalen og gjennom Kommuneplanutvalet si sak PS 32/15 at vi ynskjer ei aktiv sentrumsutvikling innanfor forsvarlege rammer. Vi har eit mål om at ei samla løysing for sentrumsutviklinga skal avklarast seinast innan utgangen av 2017. Som eit viktig ledd i sentrumsutviklinga i Aksdal, må arbeidet med overordna plan for utbyggingsstrategiar og bustadpolitikk prioriterast. Samarbeidspartia viser til budsjettvedtaket for 2015 for områdeplanarbeidet for Sentrum Nord. I det vidare planarbeidet for Aksdal legg ein til grunn at ein skal utvikle/regulere for ei samla løysing, slik at kommuen sitt prinsipp om utbyggingsavtaler kan bli lagt til grunn for sentrumsutviklinga i kommunen.
Vidare skal arbeidet med Skeiseid/Førre og områdeplan for Søre Tysvær samt Nedstrand 2020 vidareførast. I samband med arbeidet for Skeiseid, skal ein vurdere ei betre tilknytning til E39/Eikeskogkrysset.

11. Sykle i Tysvær
Tysvær har korte avstandar i dei folkerike områda av kommunen (ytre del) og Ap og H vil derfor at ein skal starte eit arbeid med å utarbeide ein eigen sykkelstrategi for ytre del av kommunen. I den samanheng ber ein om ei vurdering av ein sykkel- og gangveitrase frå Førresbotn til Nappatjørn, som skal ta opp i seg utviklinga av Skeiseidområde. Vidare er det eit mål at Førre og Frakkagjerd skal knytast betre opp mot Aksdal og Grinde.
12. Trafikksikring
Ap og H vil ha auka fokus på trafikksikringstiltak. Meir lys langs vegar og turvegar skaper tryggheit, trivsel, og betre folkehelse. Vi set av 1000 000 i 2016, og vil i første omgang ha lyssetting langs strekningen frå Aksdal barnehage til Urasvingen, samt lys i fotgjengar-undergangane langs E-134.
Rådmannen bes leggje fram sak om andre aktuelle områder som må lyssetjast.

13. Tekniske tenester
Samarbeidspartia er glade for at rådmannen følgjer opp budsjettet for 2015, og innstiller på nybygg for uteavdeling i Aksdal næringspark, samt ny brannstasjon i Nedstrand. Med tanke på den aukande arbeidsløysa ber samarbeidspartia om at byggearbeida tek til tidlegare i økonomiplanen. Det vil vere eit viktig signal at Tysvær kommune tek ansvar og bidrar til oppdrag i byggenæringa, samstundes som det vil vera økonomisk lønsamt å bygge no.
Vi er av den oppfatning at nemnde bygg kan førast opp med ei lågare totalramme, og ynskjer ei sak første halvdel av 2016 der rådmannen legg fram ulike løysingar for nytt bygg for uteavdeling og ny brannstasjon i Nedstrand med ei budsjettramme på 32 millionar.
Rådmannen bes også å starte forhandlingar med Friluftsrådet Vest forå tilby langtids leigeavtale i nybygget i Aksdal næringspark.

14. Strandstadutvikling – Nedstrand
Samarbeidspartia er glade for at Tollboda er ferdigstilt, og det er ynskjeleg å ferdigstille resten av planarbeidet. Vi ber om at rådmannen sjekkar kva moglegheiter kommunen har for statleg og/eller regional støtte, slik at kommunen sitt eige bidrag kan reduserast.
Under føresetnad av slik medverknad, er samarbeidspartia innstilte på å setje av 500.000 i 2016 og 2017.

15. Lærlingar
Samarbeidspartia ber rådmannen legge fram sak om innføring av lærlingeklausul ved større innkjøp og anbod der Tysvær kommune er ansvarleg byggherre.