Steffen Horn, Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes. og Ola Marius Ryan.  
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Steffen Horn, Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes. og Ola Marius Ryan.

Kraftfullt og leikent

Tenorane og Steffen Horn var eit godt val for dei som ville ha ein ekstra dose julestemning.

Det er kamp om publikum i julestrida og Tenorane blei nok eit lite offer på sundagskvelden. Med fullstappa lysmesse i kyrkja vegg i vegg var det denne gongen «berre» 110 som hadde valt mektige stemmar og flott musikk.
Men dei som kom fekk raskt fleire døme på at dei hadde valt rett. Tenorane sto fram som meir musikalsk trimma enn tidlegare. Det var mindre snakk og meir song. Slik mange i salen tydelegvis sette pris på. For det var ei fin stemning og lett å merke at folk likte det dei fekk servert frå scena i Tysværtunet. Det var som vanleg klokkereint, kraftfullt, men også rom for litt improvisasjon, utilsikta eller ikkje. Men Tenorane og Steffen Horn er ekte vare. Dei serverer frå ein stor katalog med julesongar, framført slik desse julesongane skal.
Lett og leiken syng og dansar dei seg gjennom amerikanske julehits, kjent frå både film og scene, før dei tonar det heile ned med eige utgitt materiale.
For det har blitt ein del singlar av det etterkvart. Neste år blir desse samla på ein jule-CD og det er berre å glede seg.
Det kan alltid diskuterast kva tenorar passar best til når det gjeld låtval. Elvis er det ingen tvil om. Tolkingar av «Kongens» julesongar er ein vinnar. Då slepp ein seg skikkeleg laus og stemninga tok seg opp endå eit hakk. Vår mann Henrik Hundsnes gav alt, og ein høyrte litt råskap innimellom alt det perfekte. Herleg og heilt på sin plass.
Likevel blir det meste parentesar. For når pianist Steffen Horn har fått sin fortente applaus for både solonummer, og solid oppbacking i ein god time, og folk begynner å gjere seg klar til finalen blir det eit forventningssus i salen.
Blir det både «O, helga natt» og «Deilig er jorden», eller er det berre plass til ein av dei.
Det blei ein dobbel, og for ein avslutning dei blei. Det var som om ein blei slått litt i bakken. Det er på slike julesongar at klinten blir skilt frå kveiten. Det er då ein får døme på at dei tre på scena er blant dei beste tenorane Noreg har å vise fram. Dei gir alt, publikum takkar og fekk som sagt igjen for at dei valte julekonsert i Tysværtunet.
Årets konsert med Tenorane og Steffen Horn var lydmessig kanskje den aller beste. Det er blitt ein tradisjon, og det er ingen tvil om at opningskonserten på årets juleturne for kvartetten var ein god start for dei.
– Julesongar var ein av grunnane til at eg ville satse som tenor. Det er berre fantastisk. Det er ein jobb å sette saman det rette programmet, for me veit at folk har sine favorittar. Me håper at dei som kom fekk noko igjen, og kom i god stemning. Det gjorde me, seier Henrik Hundsnes.
Og la til:
– Så ha ei god jul då, og snakkast neste advent.

Alf-Einar Kvalavåg

Konsert

«Så ha ei god jul då»
Henrik Hundsnes,
Ola Marius Ryan,
Aasmund Kaldestad
og Steffen Horn
Tysværtunet
110 frammøtte
1,20 timar