I området som er markert mellom Grinde og Våg har det vore fleire innbrott den siste månaden. Ill: Google map
I området som er markert mellom Grinde og Våg har det vore fleire innbrott den siste månaden. Ill: Google map

Tar seg til rette mellom Grinde og Våg

Politiet jaktar på gjerningsmenn som har tatt seg inn i ei rekkje hytter og hus mellom rundkjøringa i Grinde og Våg. – Har du sett noko?, spør politiet.

I går fekk politiet melding om tre nye hytteinnbrot, kor fiskesaker og ei motorsag er tatt. Men det er berre toppen av isfjellet.
– Me har den siste månaden hatt ei rekkje med innbrot akkurat på denne strekninga langs fjorden. Det har vore innbrot i to bustadar og fleire hytter. Det er stole sølvtøy og smykker frå bustadane og diverse saker frå hyttene. Eller, rettare sagt er det snakk om vanlege hus, som blir nytta som fritidsbustadar. Nå håper me at nokon har sett trafikk i området, som ikkje høyrer heime der. Dei som har vore inne i desse einingane har nok mest sannsynleg nytta seg av bil, seier lensmann Racin Tjøsvoll.
– Har politiet spor dei jobbar etter?
– Me har vore på stadane og sikra oss spor. Men me håper at me kan få hjelp av publikum. Dette er eit område med mykje trafikk, men om nokon har vore på desse stadane fleire gonger, så kan det fort vere folk som har registrert dette. Dei må ta kontakt med oss, for her kan eit enkelt tips løyse mykje, seier Tjøsvoll.
Politiet i Aksdal har nummeret: 52 75 48 00 eller 02800