Ferje-utfordringar på Nedstrand

Eg er glad for me har ein ordførar som er svært tydeleg i ferje saken, men det betingar at me andre også står på i dei ulike gruppene i fylkestinget.

Me har lagt bak oss ei ny veke der me har erfart nok ein gong, været må me ta som det kjem. Det er underleg med kva erfaringar kan gi oss av kunnskap. I vårt opplyste og moderande samfunn er det nokre grunnleggjande sannheter det ikkje nyttar å oversjå. Skal vårt samfunn med dagens sentraliserte oppbygging av alle typar grossistledd innan matvare, meieri, kraftfôr osv. forsette som nå, må det finnes alternativ til Boknasambandet.

Eg opplever stor forskjellsbehandling mellom nord og sør sida av Boknafjorden. Alle argument som kan finnast blir trekt fram for å minimalisera midtsambandet. Eit grunnleggjande prinsipp for å byggja ned eit tilbod, er det som me har opplevd på Nedstrand. Når tilbodet blir så dårleg at det ikkje lenger er tjenleg, blir etterspørsel vekke
Eit eksempel er transport frå oppdrettsanlegg i området Ombo, Sjernarøyane. Ferge til Nedstrand gir desse fleire timar og 17 mil kortare kjøretid, dersom leveransen skal til Gardemoen/Oslo området. Er det politisk styrt at desse skal styrast inn i Finnfast og Rennfast og betale bompengar på deler av dette, er det nokon som spør om miljø. Kva betyr det at E 134 er prioritert som ein av hovudvegane aust vest.

Tveit vidaregåande har jo Rog fk, etter å i mange år nedprioritert den, kvitta seg med , men Tveit framstår i dag som et fagleg godt tilbod. Utfordringar er det mange av, men det viktigaste er sjølvsagt elevgrunnlaget. Har fylkespolitikarane sett seg inn i bl.a. fråfallsprosenten på Tveit vidaregåande ? Med å legge opp til ein reduksjon som foreslått nå, er det ubrukeleg for elevar frå kommunane på andre sida av Nedstrandsfjorden. Med det som bakgrunn er ein del av grunnlaget for tveit tatt vekk.

Så nokre ord om matvaretransporten, melketransport og kraftfôr. For mange av daglegvarebutikkane er det rullande lager, på veg over fjorden. Melketransport både konsummelk og tilbake til butikkane er også avhengige av daglege transporter. Dagens transport er så effektivt lagt opp at stans på Boknafjorden, fort fører med seg leveringsstopp for store deler av vår region.

Til slutt kan eg ikkje unngå å ta med litt om tida før alt var på anbod og etter fastlåst økonomi. Ved eit tilfelle som fredag kunne ein sjå at ferjer blei flytta på til samband som kunne ta imot dei. Men det var kanskje enklare når kundane og selskapet hadde felles mål om å løyse ein utfordring.
Har fylkespolitikarane fått med seg kor den nasjonale sykkelveg går?

Svein Terje Brekke
Lokalpolitikar