Kven skal forme Tysvær?

Næringslivet i Tysvær står seg godt. Det er optimisme, sjølv i vanskelege tider. Det blir opna butikkar og det blir søkt etter lærlingar.

Men som elles i verda er framtida noko som er vanskeleg å spå.
Ole Bjelland har den siste tida stått fram som ein optimist med tanke på å samle alle gode næringskrefter i kommunen. Han inviterer til årsmøte i «litt slitte» Tysvær Næringsforum. Målet er å samle dei som driv næring i kommunen, få dei gode debattane og ikkje minst sjå mulegheiter i Tysvær i åra som kjem.
Me treng slike superoptimistar som Bjelland. Han har også sagt ja til å vere lokalpolitikar, ein som ikkje berre meiner ting, men som er med der det blir gjort vedtak. Og ein ting er heilt klart. Tysvær treng næringspolitikarar, for dei er det langt mellom.
Eit par av spørsmåla næringsforumet stiller seg sjølv er kven det er som skal forme næringsutviklinga i kommunen. Kven er det som skal styre arealplanar og mulegheiter til nytenking i åra som kjem. Det er gode spørsmål, som dei nok raskt vil finne ut at det ikkje er like gode svar på.
I 2016 er det ikkje lett å vere klarsynt når det gjeld næringsliv. Verksemder og industri som for berre kort tid sidan var bankers og trygt å drive med, er ikkje det lenger. Det å ikkje ha lokomotiv som driv næringslivet like raskt framover som før, er sjølvsagt eit stort sakn. Og det er naturleg at ein er litt usikker på kva Statoil og Aibel får av avtalar i åra som kjem. Den eine dagen er det svartmåla, den neste signerer dei store kontraktar. Dei er der, dei vil vere der, og dei er viktige.
Men det er tida for dei små og mellomstore verksemdene til å tenkje nytt. I eit slikt landskap er det å tenkje saman utruleg viktig. Gjerne i eit næringsforum kor det bør vere høgt under taket, og kor alle må få komme med sine meiningar.
Eit par saker kor det garantert er sterke meiningar er om kva konsekvensar regionsplanar, kommunesamanslåingar og planane for infrastruktur på Haugalandet, vil ha å seie. Ingen skal komme å seie at det er lett å vere «liten» i næringslivet. Og akkurat då, er det ekstra viktig å halde saman. Komme med dei gode ideane, påverke politikarane og vere synlege.
Tysvær kommune har mykje å by på, men har utruleg med mulegheiter i framtida, spesielt for næringslivet. Nå må alle gode krefter samlast.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør