Anette Sandbekken og Petter Mortveit på jobb i posten på Spar Frakkagjerd. 1. februar fekk dei gladmeldinga om at kontrakten er forlenga.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Anette Sandbekken og Petter Mortveit på jobb i posten på Spar Frakkagjerd. 1. februar fekk dei gladmeldinga om at kontrakten er forlenga.

Framleis post på Spar

Konkurransen om matkundane er blitt tøffare i Tysvær. Derfor var det svært avgjerande for Spar-butikken med ein ny periode med post i butikk.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– For oss var det svært viktig slik konkurransen er blitt med nyetablering av Coop i nærområdet vårt. Mange av kundane me har kombinerer handel med å gå i posten. Kva som hadde skjedd om me nå hadde mista den tenesta tør eg ikkje tenke på ein gong, seier butikksjef Petter Mortveit.
I 10 år har Spar Frakkagjerd vore postkontoret for ytre del av Tysvær. Mange av dei tilsette har kursa seg og blitt godkjent som postoperatørar.
– Me ser dei siste åra at stadig fleire kjøper pakkar via nettet. Til jul, og rundt «Black Friday», hadde me fleire konteinarar ståande fulle i pakkar. Slik var det ikkje før. Å ha post i butikk tar tid, og me ser at dei fleste kundane nå er begynt å venne seg til at alt skal registrerast og sorterast før me kan dele ut pakkar og brev. I tillegg er det ein del banktenester, som tar tid, seier Mortveit.

Les heile saka i papirutgåva.

Skjermbilde 2016-02-03 kl. 16.14.01