Tre spente, men klare utbyggerar i Aksdal. Frå venstre ordførar Sigmund Lier, Birge Nymark og Karsten Bjelland begge frå ASU. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tre spente, men klare utbyggerar i Aksdal. Frå venstre ordførar Sigmund Lier, Birge Nymark og Karsten Bjelland begge frå ASU. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gamle Aksdal Senter – blir nye Aksdal Senter

Ein avtale signert i dag gjer at Aksdal Senterutvikling (ASU) nå kan gå i gang å planlegge ei utbygging i Aksdal. Den vil omfatte ein «Italiensk landsby» på Motell-tomta, og eit nytt kjøpesenter. Kjøpesenteret blir der som i dag.

Avtalen mellom Tysvær kommune og ASU har ein verdi på 30 millionar kroner og gjelder sal av eit areal på omlag 20 dekar, i og rundt tomta som i dag husar motellet. I tillegg er partane blitt einige om at eit nytt kjøpesenter skal ligge der dagens kjøpesenter ligg.
– Det er utruleg godt at me endeleg har landa noko som er gjennomførbart, og som ligg kort fram i tid. Nå har me fått eit snautt år år på oss til å lage ein reguleringsplan som skal sendast kommunen. Der vil me legge til rette for bustaadar i «den italienske landsbyen» og oppgradere dagens senter, seier Birge Nymark i ASU.
– Kva senter ser ein for seg der?
– Me ser for oss å bygge i høgda samt å fortette det arealet som er der i dag. Utfordringa blir parkering. Me har allereie vore i kontakt med svenske Kent Carlsson som er ein kjent senterplanleggar. Mykje vil skje av planarbeid i løpet av 2016. Når det gjeld bustadane så er det Snøhetta som jobbar for oss.
– Er me tilbake til start nå?
– På ein måte ja, men me har lært mykje av prosessen, som har tatt alt for lang tid. Nå var det stor vilje både i kommunen, og hos oss, til å finne ei løysing. Den er god, seier Birge Nymark.

Bustadar og veg
Det var ordførar Sigmund Lier som presenterte planane på eit møte i ettermiddag. Han var også glad og letta.
– Dette er ei gladsak som gjer at det nå skjer noko i Aksdal. Det har vore ei lang ventetid, men nå startar planarbeid og reguleringsarbeid. Når alt er på plass vil me få ei fortetting i Aksdal. Det skal knytast saman med eit vegnett, som me i kommunen skal få på plass. Me har også som det blir sagt utfordringar med parkering. Det skal stå høgt på dagsordenen, seier Lier.
– Stor dag?
– Ja, dette er stort. Det har vore eit svært godt samarbeidsklima dei siste månadane, og me har komme fram til noko som er realistisk og gjennomførbart i løpet av få år, seier Lier

Les meir om planane i Aksdal i papiravisa på torsdag.

Byline