Aksdal, kva nå?

Tysdag kunne ordførar, lokalpolitikarar og investorar smile bredt og legge fram konkrete planar for Aksdal. Igjen.

Me er tilbake til start. Alle store visjonar om byen ved vatnet er viska vekk, og ein sitt igjen med noko realistisk, relativt rimeleg, og som er ein god start på det som langt fram i tid kan bli til eit handelssentrum.
Og la det vere sagt med ein gong. Dette er idear det er lett å støtte, planar det er enkelt for folk flest å skjøne noko av. Å bygge bustadar på motell-tomta er fornuftig. Det er eit område som innbyr til både småhus og hus i rekke. Eigentleg har ein fått ein unik mulegheit til å bygge noko som både unge og eldre kan ha råd til å kjøpe.
Så får ein ta med ei stor klype salt at det blir nemnt både økolandsby og andre svært fordyrande planar. Når realiteten (les økonomien) i Aksdal-prosjektet kjem på bordet vil ein sjå at å bruke tid på slikt, berre vil forsinke med endå fleire år.
Kva så med Aksdal Senter. Å bygge eit nytt senter der dagens gamle står treng ikkje være nokon dårleg idé. At det er utfordrande er det ingen som er i tvil om. Kvaliteten på det bygget som står, er i beste fall tvilsam. Arealet rundt bygget er heller ikkje all verda, så her må ein tenke oppover. Og det gjer ASU. Utfordringa ligg i kor folk/kundar skal parkere. Og med folk meiner ein her dei som jobbar på rådhuset, kulturhuset, senteret, og alle dei som er kundar og besøkande på dei same stadane. Ordet parkering kjem til å gå igjen i dei neste månadane med planlegging.
Me har allereie fått spørsmål om me trur det blir noko av dette.
Svaret er ja, men her er det mange fleire skjær i sjøen enn det som blei presentert under møtet på tysdag.
Eit stor spørsmål er kor mykje av infrastrukturen i Aksdal kommunen er villig til å ta. Det er snakk om millionar av kroner til veg, vass, kloakk og andre pålagte oppgåver. Kommunen har også eit kjent problem med at dei treng meir areal. Korleis dei vil løyse det kan bli ein avgjerande faktor. Leiger eller kjøper dei seg inn i senteret er det «gull» for ASU. Tenkjer dei nytt, ja då vil ASU miste ein sannsynleg stor leigetakar.
Kven er så vinnaren i dei nye planane? Vel, ingen er taparar sjølv om det ikkje blir nokon Aksdal By. Men det spørs om ikkje dei store vinnarane sat litt hemmelegheitsfulle og lytta på tysdagens presentasjonsmøte. Det er dei som vil ha ungdomsskule til Aksdal, og som til nå ikkje har funne tomt.
Det har dei nå. For i trekanttomta blir det ingenting. Eller blir det ungdomsskule der?

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør