Tøffe karar og tøff musikk. Torsion Beat med Espen Eriksen (nummer tre frå venstre) har servert ei plate som utfordrar lyttaren.
Foto: Privat
Tøffe karar og tøff musikk. Torsion Beat med Espen Eriksen (nummer tre frå venstre) har servert ei plate som utfordrar lyttaren.

Gedigen flørt

Espen Eriksen er aktiv på platefronten for tida. Plata «Denh» er ein orgie i rytme og lydar. Mykje lyd og mykje stileg.

Bare så det er sagt med ein gong, så er ikkje dette noko ein leitar fram til rolige laurdagskveldar med raudvin og lys på bordet. Det finnast anna jazz som tar seg av det.
Dette er eit musikalsk landsskap sjølv underteikna sjeldan er innom. Men av og til bør ein la seg invitere inn i ei musikalsk verd kor rytme og samspel utfordrar, og inspirerer. Og dette er ei slik verd.
«Denh» er blitt ei herleg blanding av jazzrock, funk, kraurock, afrobeat og psykedelia. Ja, som du skjønar er det ikkje akkurat listepop det Eriksen og hans musikalske vener har servert både på vinyl, og som nedlasting.
Dette er på ein måte ikkje låtar, men meir musikkstykke, som er klippa saman til ein masse vellyd, men også svært musikalske reiser kor spesielt bass og trommer får boltre seg fritt. Det er utruleg tøft og rytmisk, og eg kan anbefale at ein skrur opp lyden.
Eit par av stykka skil seg ut. «Darbari» og «Three» er lyttarvenlege og svært så melodiøse. Eit anna poeng med slike utgivingar er at ein blir sittande og lytte til kva dei fem i bandet kan ha som inspirasjon. For det spenner vidt, og det er mange sjangrar som ein rekk innom i løpet av dei musikalske bitane. Afrikanske rytmar blir miksa saman med Eriksen sine tangentar, som tidvis mest av alt minne om synt frå 70-talet.
Det må også nemnast at ein lar seg imponere av parhestane Gunnar Halle og Espen Eriksen. Dei har ein utruleg evne til å sette sitt preg på utgivingar, nesten uansett kor i jazzlandskapet musikken bringer dei. Denne gongen er det kanskje grindebuen Eriksen som «trør» mest til, og som faktisk minner om ein ung og jazza Manfred Mann på låta «Iyo». Stileg er det uansett kven som har inspirert. Kva trykk bandet kan klare å få til live skal bli spanande å høyre. For her er det mulegheiter til improvisasjon frå første tone.
Kvalitetsmessig er plata miksa reint og fint, noko som gjer at ein får eit behageleg lydbilete. Det er annleis, men samstundes ein flørt med mange rytmar og instrument ein kjenner godt. Vel verdt å sette av ein time til dette.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Torsion Beat
Denh (Your Favourite Music)

Skjermbilde 2016-02-23 kl. 09.01.59

Gunnar Halle – trp, voice, synth
Erlend Mokkelbost – git
Espen Eriksen – fender rhodes, eletrical piano, synth
Audun Erlien – bass
Marius Simonsen – drums, percussion
Mars 2016