Hjarterått svar

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner ønsker sterkare og større kommunar. Nå er innbyggarane i ferd med å gi Sanner svar om kva dei tenkjer om det.

Og dei fleste kommentatorane etter måndagens avstemmingar rundt om i landet, meiner folket har stemt med hjarte og ikkje hovudet.
Det er eit hjarterått svar til Sanner. Hjarte seier at ministeren er på feil kurs med sine tankar.
Nokre stader er ei kommunesamanslåing så naturleg at folk som bur der knapt hever på augebryna når ei samanslåing blir nemnt. Andre stader er det heilt andre historiske spenningar som ligg til grunne. Og det er eit svar som dessverre går igjen, når ein høyrer frå vallokala. Folk har fått for lite informasjon, og vel då det trygge framfor dei mange usikkerheitene som dei trur følgjer i kjølvatnet av samanslåingar.
Ein av kommunesamanslåingane eg har vore spent på er på øya Stord, og gjeld kommunane Stord og Fitjar. Der ligg alt geografisk til rette for ein kommune. Men også der har me som for Tysvær/Bokn-samanslåinga, ein storebror. Fitjarbuen veit kva dei har, anar kva dei får og takkar nei. 80 prosent trur ikkje på at ei samanslåing vil gjere det betre enn i dag.
Kva tenkjer så regjeringa og Sanner om dette. Vel, det ein finn av kommentarar på nettet er lite motiverande for å overtale dei som nå skal i tenkeboksen utover våren, og sommaren. Utan å nemne namn har eg sett stortingspolitikarar som nesten latterliggjer innbyggarar som ikkje stormar til vallokala, og vil stemme ja til storkommunar. At folk ber om informasjon feiar dei berre unna. Det ser meir ut som om dette er noko politikarar vil, og ikkje er eit spørsmål om kva folket vil.
Eg har sagt det før og eg kan gjerne nemne det igjen. Me har det for godt i Noreg in 2016 til å la oss skremme av propaganda om at alt blir betre om me berre blir store nok. Drar ein parallellen skikkeleg ut så var det dei same argumenta som blei brukte i EU-valkampen. Me kunne ikkje stå utanfor. Vel, me kunne nå det, og om det tidvis kostar å vere med på «EU-festen» så har me klart å betale rekningane som har komme. Slik tenkjer også mange småkommunar. Me vil ikkje vere med, men kan betale for dei tenestene som me treng og som me ikkje har sjølv.
Det er ei utfordring Sanner & Co. ikkje har tatt nok på alvor. Difor vil hans namn trekkast fram kvar gong ein ny kommune takkar nei til hans store visjon. Om han fortener det veit eg ikkje, men det hastar alvorleg for han og hans departement å få ut informasjon. Å truge var ikkje rett metode, det viste Sanner sin blåmandag til fulle.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør