– Takk Nedstrand. Dokker e goe», mente Sigvart Dagsland som hadde en fin pinsekonsert i Nedstrand kirke. Foto: Alf-Einar Kvlavåg
– Takk Nedstrand. Dokker e goe», mente Sigvart Dagsland som hadde en fin pinsekonsert i Nedstrand kirke. Foto: Alf-Einar Kvlavåg

Muntert, trist og kjekt

Sigvart Dagsland har det i seg. Den hårfine balansen mellom det litt triste, og det hysterisk morosame.

Derfor passar han inn i både gravferd og fest. Og som soloartist i Nedstrand kyrke i pinsen. Når Dagsland drar songar, aleine med sitt piano, frå heile katalogen sin blir det ein festkveld for hans mange trufaste fans. Og dei var det mange av i kyrkja, som var svært godt fylt opp. Publikum kunne songane, lo av vitsane og dei morosame forteljingane, som kom tett undervegs. Dei tørka ei tåre på dei mest djupe tekstane og nikka med når Dagsland henta fram håpet, slik han er så dyktig til i tekstane sine.
I starten var han ikkje heilt komfortabel der han satt aleine med pianoet. Det gjekk, som han sa sjølv, litt i svart. Men om han rota aldri så mykje med tekstane, var han tilgitt og vel så det. For stemmen, den var det ingenting å seie på denne gongen heller.

Allsong
Det var 30 år sidan sist han var i Nedstrand og gjensynsgleda var tovegs. Då han på songen «De umulige» bad om allsong, så fekk han det, så klokkereint at ein kunne mistenke forsamlinga for å ha øvd på førehand. Og Dagsland sjølv kom med eit lurt smil der han satt.

Dokker er gode

Det var tydeleg at dette var ein slik god og lun konsert, kor det viktigaste var å halde seg til malen, og ikkje berre rase i veg med nye og oppjaga versjonar. Dei kan ein få på CD.
– Dokker er gode, sa Dagsland og serverte også eit par nye songar innimellom det meir kjente. Ein av dei eldre, som tydleg fall i god jord var «Djupe spor» frå den aller første plata. Ein song der stemmen og pianoet fekk kyrkja til å stilne eit augneblikk. Det var som om salen trekte pusten og berre let seg drive med. Og då han elegant svinga seg over til «Ka e du redd for?» skjønte dei fleste at dette var ein ny slik unik konsertkveld i den gamle trekyrkja.

Ærleg
Kvifor held Dagsland eit så godt grep om publikummet sitt etter alle desse åra? Eg trur svaret ligg i det ærlege. Det ærlege i musikken, stemma og innhaldet i tekstane han har skrive sjølv, eller fått av andre.
Mange av dei som me snakka med etterpå sa dei hadde hatt ei god oppleving, utan å kunne peike på noko konkret, eller den eine songen. Dei hadde hatt 90 gode minuttar, og gleda seg til å sette på ein CD når dei kom heim. Dei gleda seg allereie til hausten då han kjem med ei ny plate, og kjem til Haugesund med band. Det nye albumet har fått namnet «Røst». Sjølvsagt har det nettopp fått det.

Alf-Einar Kvalavåg

Konsert

Sigvart Dagsland
Nedstrand kyrkje
250 frammøtte
Dette spelte Dagsland:
Deg
Orkesteret
Blåsenborg
Hjemmefra
Elske du meg?
Eg ska laga bølger!
Verden vil bedras
Svik
Dette toget
Røst
Festung Europa
Djube spor
Ka e du redd for?
De umulige
Alt eg såg og Orkesteret