Tid for framsnakking

Me er gode i Tysvær. Me veit det og me nyttar oss ofte av dei mulegheitene som kjem. Men av og til glømmer me oss ut. Då gjer med det vanskeleg for oss sjølv.

Akkurat nå slit fleire små og mellomstore verksemder i vår kommune. Tala begynner å vise raudt i rekneskapen. Dei vurderer dagleg om arbeidstokken står i stil me oppgåvene i verksemda.
Når tala på dei arbeidslause i Tysvær dukkar opp kvar månad er det berre toppen av isfjellet. Under ligg verksemder som kvar einaste dag må gjere grep for å halde hjula i gong. Verst er det for dei som produserer, og leverer her lokalt. Dei har bygd opp sine namn gjennom solid handverk i mange år. Me snakkar om verksemder kor grunnmuren er svært så solid, og har stått ute ei vinternatt før. Men nå er det utfordringar som ventar, nye typar utfordringar kor historia ikkje lenger er nok til å klare seg.
Først av alt handlar det om framsnakking. Om å unngå ein type svartmåling som gjer at ein i staden for å tenke offensivt, nå set seg tilbake og gir opp.
For det er i slike tider ein må tenke taktisk. Kor ein må få både lokale og sentrale politikarar på banen, og nytte seg av kompetansen hos mellom anna NHO. Ein må snu steinar som før har fått ligge i ro. Noko av det vanskeligaste er å sjå seg sjølv i spegelen. Det kan vere brutalt.
For eit av spørsmåla som kjem til å komme i vekene framover er kva ein gjer i såkalla dårlege tider. Gjer ein val som på sikt gjer dette endå meir innvikla. Tør ein å stå opp og gjere noko i saman, slik at næringar styrker seg, i staden for å tynnast ut.
Eigedomskatt, skattelette og null toleranse for prisdumping er tre av felta det nå skal jobbast på. Er det rett at det i Tysvær er i underkant av 20 verksemder som må betale eigedomskatt, mest fordi ein vil sikre seg inntekter frå Kårstø-anlegget. Er det nok hjelp frå regjeringa at ein får hjelp med formueskatten, om ein har minus i rekneskapen, som ein kompensasjon for verdiane som er i selskapet.
Men mest av alt vil dette i framtida handle om viljen det er i blant oss vanlege forbrukarar. Vil me ha lokale verksemder, med lærlingplassar og trygge jobbar for dei som har fagbrev. Eller vil me kjøpe tenestene der dei er billigast akkurat nå. Uansett kven, eller kor dei kjem frå, dei som er på tilbydar sida. Ringverknadane kan bli enorme i litle Tysvær, og for litt større Haugalandet.
Det er på mange måtar ditt val.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør