Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

– Kjør debatt!

Både ordførar Sigmund Lier og leiar i mållaget Synnøve Bredal Bjelland saknar engasjement i nynorsksaka. Snart blir det folkeavstemming om bygdene ønskjer å behalde målforma i skulen.

Diskusjonen går på om skulekrinsane Grinde og Tysværvåg skal behalde nynorsk som hovudmålform eller ikkje. I dag er det langt fleire som vel bokmål enn nynorsk, dermed har spørsmålet dukka opp; om det lengre har hensikt å behalde «nynorskskulane». Ja, meiner Bredal Bjelland, som fryktar at kommunen er på veg mot avskaffing nynorsken, som har vore offisiell målform sidan 1885.
– Nynorsken har dessverre fått ufortent «dårleg rykte». Folk trur gjerne det er gammalmodig og vanskeleg å lære. Denne trenden må me snu. Sannheita er at denne målforma er mykje likare dialekta vår enn bokmål, særleg no når språket er såpass moderert. I tillegg til den historiske verdien, tener elevane mykje på å ha nynorsk som hovudskriftmål. Når dei kjem på ungdomsskulen og vidaregåande vil dei vere sterke i begge formene. For bokmål lærer dei seg uansett, seier ho.

Les heile saka i papirutgåva