– Eg hadde berre teikna inn tre etasjar i den nye ungdomsskulen, men siden elevane mener me er feige og ønskjer fire, så hiv eg gjerne på ein til, spøka Thomas Brekke. 
Foto: Mona Terjesen
– Eg hadde berre teikna inn tre etasjar i den nye ungdomsskulen, men siden elevane mener me er feige og ønskjer fire, så hiv eg gjerne på ein til, spøka Thomas Brekke.

Elevane om den nye ungdomsskulen

Elevane er sjølve klare på kva dei ønskjer i den nye ungdomsskulen.

Av Mona Terjesen

Den nye ungdomsskulen var tema under arbeidsseminaret i rådhuset på torsdag. Der blei hovudtrekka av workshopen til skuleelevane lagt fram. Og elevane er klare på kva dei øn-skjer; godt lys og solforhold, uteskule, miljøvennleg skule, gode stolar og møblar, pc til alle elevane, gode muligheiter for fotball, språklab, uteklasserom, skulebygg i fire etasjar med heis, interaktive tavler, eit bygg som er tilpassa funksjonshemma, god luft, fysisk og praktisk aktivitet som gir god helse…
Desse innspela skal politikarane og administrasjonen ta med seg vidare når dei lager ei sak på den nye ungdomsskulen.

Tre alternativ
Framleis diskuterer ein plasseringa av den nye skulen. Snøhetta Arkitekter og Arkitektkontoret Brekke-Helgeland-Brekke kunne begge fortelje at dei ser tre gode tomtealternativ i Aksdal; sørsida av vegen, trekanten og grøntdraget på austsida av kommunehuset.
– Det er spennande å få bekrefta at alle tomtene er egna og kan vere aktuelle, kommenterte Anita Halsnes (AP).
Etter å ha sett ei framsyning av skulen teikna inn i grøntraget, verka det som om det er størst stemning for å plassere han der.
– Eg var skeptisk i starten, men om me hevar skulen skikkeleg så trur eg at det kan vere ei god plassering, kommenterte Arvid Bakken (H).
Nærleiken til kollektivterminalen er eit av argumenta som veier for tomta.
– Denne plasseringa er svært god med tanke på dette. Der ligg alt til rette, og ein behøver ikkje gjere noko med tanke på tilrettelegging, sa Thomas Brekke.

Sentrumsgrep
Margrethe Lund frå Snøhetta meiner at ein ny ungdomsskule i Aksdal vil vere gull verdt for sentrumsutviklinga. Det er Ola S. Apeland (H) einig i.
– Her må me spare pengar, Sigmund, for dette må me få til, sa han – med blikket retta mot ordføraren.
– Ja, spørsmålet er om me skal bruke ungdomsskulen som eit sentrumsutviklingsgrep eller ikkje. Uansett så skal me ikkje avgjere noko i dag. Rådmannen skal komme med ein konklusjon til hausten, og alle utvala skal få god muligheit til å diskutere. I dag har me sett at det finst gode muligheiter i Aksdal, og det blir ein spennande haust, kommenterte Sigmund Lier.