Emilia Ekrene og Berge Ohm gler seg stort til å halde lunsjkonsert i Tysværtunet 17. juni.
Emilia Ekrene og Berge Ohm gler seg stort til å halde lunsjkonsert i Tysværtunet 17. juni.

Lunsjkonsert med Emilia og Berge

Emilia Ekrene og Berge Ohm gler seg stort til å halde lunsjkonsert i Tysværtunet i dag klokka 11.30i.

Lunsjkonsertane til Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet har blitt ein stor hit, og suksessen fortsett. Neste underhaldningsbidrag ut, er Berge Ohm – kjent frå Norske Talenter, MGP jr. og The Stream, og Emilia Ekrene frå The Stream.
– Eg gler meg veldig til å halde konsert. Det blir første gongen eg held intimkonsert, så dette blir spennande, seier Emilia (19).
– Det blir kjempegøy å opptre! Eg gler meg til å opptre i Tysvær, det har eg ikkje gjort så mykje enda. Eg har hatt intimkonsertar før og likar godt å stå så nært publikum, nikkar Berge (18).

Blanding
Lunsjkonserten med dei to unge stjerneskota er lagt opp slik at den blir ein del av Midtsommarfesten.
– Me er svært glade for å kunne presentere to spennande ungdommar i serien med lunsjkonsertar. Dette blir også ein fin inngang til Midtsommarfesten, som i år har ein fin, ung profil. Emilia og Berge passar godt inn i programmet, og me er sikre på at dei kjem til å trekke eit bredt publikum. Emilia er tysværjente og Berge er vindafjording, men også kjent som ein av spelarane på Skjold – og har eit kjent og sentralt namn i Tysvær. Me gler oss, seier redaktør i Tysvær Bygdeblad Alf-Einar Kvalavåg.
Emilia kan avsløre at ho kjem til å synge ein song av ei kjent og kjær sangerinne.
– Eg likar å synge mykje forskjellig, men eg har i alle fall tenkt å synge ein song av Eva Cassidy, fortel ho.
– Eg lager jo mykje eigne songar, men så likar eg å synge cover også. Så det blir begge deler frå meg, seier Berge.

Konsertstart er klokka 11.30 i kafeen i Tysværtunet. Det er helt gratis å komme inn. Mat og drikke selges.