Tormod Våga, Arvid S. Vallestad, Jan Erik Nygaard, Ola S. Apeland og Sigmund Lier smilte alle om kapp med sola under dagens signering av intensjonsavtalen mellom Tysvær og Bokn.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tormod Våga, Arvid S. Vallestad, Jan Erik Nygaard, Ola S. Apeland og Sigmund Lier signerte ei intensjonsavtal mellom Tysvær og Bokn. Nå kan den rivas i stykker

75 % NEI – 25 % JA

Folkeavrøystinga i spørsmålet om Bokn og Tysvær kommune skal gå saman til ein kommune frå 2020 er nå klart. 75 % har røysta nei og 25 % har røysta ja til Tysvær og Bokn saman i ein kommune.

Resultat av folkeavrøystinga er nå klart. Av 682 røysteberettiga har 431 røysta dvs. 63,2 % har gått til valurnene.
– Eg fekk ein telefon frå ordførar Tormod Våga på Bokn som informerte meg om resultatet. Det var eit svært tydeleg svar frå innbyggjarane på Bok, Det er litt trist, men var ikke overraskende. Me hadde håp om å bli ein kommune og tenker på at me hadde en god avtale som skulle gitt ein samla kommune, og ikkje dei og oss. Nå blir det heller ikke 250 mill i direkte overføringer til ein ny kommune, seier Sigmund Lier, ordførar i Tysvær.
– Me vil fortsatt ha eit godt forhold til Bokn. Me vil fortsatt være gode naboer sjølv om dei nå vil samarbeide med Karmøy om ein del tenester dei før kjøpte hos oss, seier Lier.

Med ei så klart svar frå innbyggjarane vil Bokn kommunestyre seie nei til ei kommunesamanslåing.
– Me kjem i morgon kveld framleis seie ja. Det er eg heilt sikker på seier Sigmund Lier.
Så får framtida syne kva fylket og regjeringa meiner om det tydelege svaret frå Bokn.