Mørke skyer eller solskin. Skatteoppgjeret er som vestlandsvëret, svært variabelt.
Mørke skyer eller solskin. Skatteoppgjeret er som vestlandsvëret, svært variabelt.

No kjem skattepengane

I dag får dei aller fleste lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. I Skatt vest får til saman 533 536 skattytarar 6,1 milliardar kroner igjen på skatten. 119 150 skattytarar får restskatt.

For dei som har fått skatteoppgjeret no, vil pengane vere på konto eller på utbetalingskort innan to veker frå 22. juni. Dei aller fleste får pengane den dagen skatteoppgjeret er klart.
Tala for Skatt vest viser at:
• Hordaland får 256 688 skattytarar kr 2,8 milliardar igjen på skatten, mens 56 387 må betale 987 millionar kroner i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 11 032 kroner og restskatt 17 506 kroner.
• Blant skattytarar i Rogaland får 221 673 kr 2,7 milliardar kroner igjen på skatten, mens 52 613 må betale 985 millionar kroner i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 12 077 kroner og restskatt 18 732 kroner.
• Sogn og Fjordane får 55 175 skattytarar igjen 599 millionar kroner, mens 10 150 må betale 143 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 10 863 kroner og restskatt 14 101 kroner. − Viss du ikkje får skatteoppgjeret ditt no, kan det vere at du er gift med ein som er næringsdrivande, har levert sjølvmeldinga på papir eller er tatt ut i kontroll seier seksjonssjef i Skatt vest, Sven Arne Lindebjerg.
Til saman får 2,5 millionar nordmenn totalt 28 milliardar kroner igjen på skatten, noko som er 11 000 kroner i snitt. 530 000 lønnstakarar og pensjonistar får restskatt, dei må betale til saman 9 milliardar kroner, eller 17 000 kroner i gjennomsnitt.

Restskatt
Er restskatten din på over tusen kroner vert beløpet delt på to terminar. Første termin er 20. august, og andre termin er 24. september. For beløp under tusen kroner er fristen for å betale restskatten 20. august. Nytt i år er at elektroniske brukarar får faktura med betalingsinformasjon og forfallsfrist i meldingsboksen sin i Altinn. Viss du ikkje er elektronisk brukar, får du faktura med betalingsinformasjon i posten.
Du blir varsla Skatteoppgjeret kjem når Skatteetaten har behandla sjølvmeldinga di. Dette skjer i perioden 22. juni til 12. oktober. Vi varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klart. Skatteetaten kan ikkje gje deg eksakt dato for når du får det endelege oppgjeret, verken på telefon eller på skattekontoret.