Talet i år er 142

142 personar er utan arbeid i Tysvær i det me tar fatt på sommarferien for alvor. Det er 2,5 av arbeidsstyrken, og ein auke på 46 personar frå same tid i fjor.

Det betyr ei auke på heile 48 prosent.
Framleis er det berre fire kommunar i Rogaland som har lågare prosentdel utan arbeid. I Rogaland er det 11.288 som går sommaren i møte utan jobb. Det er 4,3 prosent av alle dei som er «vår» arbeidsstyrke.
Det flatar ut, seier dei som jobbar med desse tala og som kvar månad analyserer korleis det ligg an. Dei ser at «oljekrisa» er i ferd med å stoppe litt opp, og at det er arbeid å få om ein har dei rette papira. Enkelt sagt, så er det håp.
At 142 personar i Tysvær står utan arbeid er ikkje på nokon måte krise eller ute av kontroll. Men det kan vere krise for dei det gjeld. Trøysta får vere at me bur i ein del av landet kor det er mykje arbeid å velje i, innan kort reisetid. Mange har også utdanningar og læretid i yrke kor det stadig er utvikling, og nye arbeidsplassar blir skapt. Det tar litt tid, men det er håp og tru.
For oss i avisa er slike analysar og tal ein temperaturmålar på korleis det står til. På lik linje med karakterar i skulen og analysar av desse, så skal dette gi oss eit innblikk i korleis det står til i Tysvær, Rogaland og Noreg. Men det er ikkje lett å bli klok.
Eg har snakka med ein del av dei som er utan arbeid. Seinast i dag når dette blir skrive, trefte eg på ein som eg trudde var i det ein før kalla trygg jobb. Det blei ein flåsete «har du allereie fått deg ferie», før han kom med at han er ein av dei 142. Det gir ein liten «wake up» at han, som gjorde så gode val, nå må sitte heime, og vente og sjå. Sjølv med ein brei utdanning sto ikkje jobbane i kø.
For det er slik at bak desse tala finnest det mange forskjellige menneske. Det er dei som ikkje bryr seg. Det er dei som såg det komme og allereie er på veg til noko nytt. Men det er altså ei gruppe som dette slo knallhardt ned på.
Og det handlar ikkje om det er synd på folk. Noko av det dummaste eg høyrer er når folk i oljebransjen blir ledd av når dei mister jobben fordi dei har tent pengar. Hallo… Me må ikkje komme der at me skal godte oss over personlege tragediar, fordi me sjølv ikkje er på toppen av lønslistene, eller har kunne jobbe i ein bransje med ufattelege menneskelege krav, men også ufattelege lønningar.
I det me går inn i ferievekene håper og trur me på betre tal ved neste korsveg. At optimismen får plass etter ferievekene. At ungdommane får jobb, at tidlegare sterke verksemder på nytt får oppgang, og at Tysvær held stand som ein av dei beste kommunane å bu og jobbe i.
Me har også denne veka besøkt ei verksemd i vekst. Dei finnest det fleire av. Slik vil det alltid vere.

God sommar til alle våre leserar. Neste veke er det avisfri.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør