Namnet på kvinna som omkom er frigitt

Det var 46 år gamle Elin Bråtveit som omkom i trafikkulykka på E39 ved Sundfør fredag ettermiddag.

– Me veit at ho skulle hente ein hest som hadde komme seg ut frå beitet. Då ho skulle føre hesten tilbake gjekk ho først ved vegen, men lengre nede i skråninga. Så har hesten blitt skremt og gått oppover mot vegen. På ein måte ser det ut som om hesten har skubba henne mot vegen, samtidig som det kom ein trailer, seier lensmann Racin Tjøsvoll til Haugesunds Avis.
Føraren av bilen har ikkje fått inndratt førarkortet, og det er ikkje mistanke om promille i saka. Vogntoget er levert inn til Statens Vegvesen for å bli undersøkt.