Framtida til campingplassen på Nedstrand er usikker. Foto: Mona Terjesen
Framtida til campingplassen på Nedstrand er usikker. Foto: Mona Terjesen

Seier opp avtalen med Nedstrand Feriesenter

Tysvær kommune forlenger ikkje avtalen med Nedstrand campingplass/feriesenter. Rådmannen skal finne ein ny aktør til å drive plassen dei neste fem åra.

Det var formannskapet som gjorde vedtaket bak lukka dører under møtet 16. juni. No har drivar ved Nedstrand Feriesenter valt å legge informasjonen ut på plassen si offentlege/opne side.
I saka står det at kontrakten med dagens drivar utgår 31. 12. 2016, og at rådmann Arvid S. Vallestad skal finne ein ny aktør til å drive plassen dei neste fem åra.
Deretter skal kommunen i ein egen arealplan avgjere kva dei vil gjere med tomta. Dei vil både vurdere å leige vidare og å selje. Om det blir vidare campingplass på Nedstrand etter 2021 er med andre ord uvisst.

Då Tysvær Bygdeblad var på Nedstrand tysdag formiddag, møtte me på fleire vogneigarar som er bekymra for framtida si på campingplassen. Men dei neste fem åra, ser det altså ikkje ut til at dei har noko å bekymre seg for.

Det skal ha meldt seg fleire interessentar som ønskjer å drive campingplassen vidare, både med tanke på leige og kjøpe.