May Linn Kaarhus, Anne K. Kaarhus Parkinson, Laila Nemeth, Kjell Vormestrand, Cecilie Baumann, Lars Skjoldal, Ingrid Skjoldal, Ørjan Skjoldal, og Heidi Våge henger på gjerdet ved dagens stall og venter på nye og betre tider. De kom i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Samarbeid om store hestesportplanar

Hestesport på Haugalandet har vore ein klubb i kvar kommune og vanskeleg tilhøve for å kunne bygge nytt og større. 1. juli starta eit samarbeid som allereie neste år kan gi store resultat.

Like før ein tok sommarferie møttest klubbeleiarar frå Karmøy, Vindafjord, Etne og Tysvær. Målet var å formalisere eit samarbeid, som dei har hatt over fleire år. 1. juli stifta dei Indre Haugaland Ryttersportklubb (IHR) og saman skal dei utvikle hestesporten både når det gjeld idretten, men også på anleggssida. Og dei største planane er på Skeiseid i Tysvær.
– Me har lenge sett at det måtte gjerast noko om me skulle kunne utvikle oss vidare. Hestesport er i utvikling og talet på stallplassar og treningsareal er stadig i vekst. Derfor har me presentert planar om eit hestesportssenter i Tysvær, noko den nye klubben stiller seg bak. Går alt etter planen kan me starte bygginga allereie neste år, seier leiar Laila Nemeth.

Les meir i papirutgåva.