Midt på den nye uteplassen er det ei stor sjørøverskute som ein kan rutsje og klatre i. Etter planen skal barnehagen etter kvart få seg eigen, ekte, båt som dei kan fiske med, opplyser Gerhard. Først kan dei                  øve seg i sjørøverskuta. 
Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust
Midt på den nye uteplassen er det ei stor sjørøverskute som ein kan rutsje og klatre i. Etter planen skal barnehagen etter kvart få seg eigen, ekte, båt som dei kan fiske med, opplyser Gerhard. Først kan dei øve seg i sjørøverskuta.

Boltrar seg i splitter ny barnehage

Førre veke hadde ungane i Skjoldastraumen barnehage sin første dag i splitter ny barnehage. Både store og små er storfornøgde med nye lokale og store uteområde.

Utanfor nye Skjoldastraumen barnehage skin såvidt sommarsola, og ungane boltrar seg energisk på det store, grøne uteområdet. Her er heilt nye leiker å utforske, som eit sjørøvarskip og eit flodhestgap ein kan krype inn i. Inne er nokre små hender opptekne med pølsekoking på det moderne kjøkenet, medan andre handterer matvarer i leike-kiosken dei har fått seg. Der blir det betalt med bankkort og nøye diskutert prisar.
– Eg synest denne barnehagen her oppe er mykje kjekkare enn den gamle. Her er alt kjekkare, seier Nicholas som går i barnehagen.
Kompisen hans Lars er samd.
– Eg likar å leike ute. Vi har grove i molla og funne insekt, fortel han.
Den nye barnehagen ligg like ved Straumen skule i Skjoldastraumen. Den gamle barnehagen låg heilt nede ved slusene, i same bygg som grendahuset i Skjoldastraumen.

Les heile saka i papirutgåva