Roy Marius Helgeland gjorde ein god jobb i forsvar. Foto: Ingvild Myklebust
Roy Marius Helgeland scoret for NIL. Foto: Ingvild Myklebust

Vil seg ikkje for Nedstrand

Skjoldar7Vats 94 2 vann 3-2 over Nedstrand i kveld. Framføre over 100 tilskodarar blei det en solid nedtur for Marius Helgeland & Co.

Det sto 0-0 til pause, og det var ein kamp som etter rapportene da, kunne vippe begge vegar. Dessverre vippa den feil veg for topplaget Nedstrand.
Her er ein kort rapport frå Ingvild Myklebust:
Nedstrand var lystne på siger etter 6-0 tapet for Skjoldar/Vats tidlegare i sesongen då dei i kveld tok imot laget på heimebane.
Med lyseraud solnedgang som kulisser fekk dei mange frammøtte på tribuna sjå spennande fotball.
Første omgang baud på fleire sjansar for begge lag, men det stod 0-0 då dommaren bles til pause.
I andre omgang tok Skjoldar/Vats tidleg leiinga. Det stod 0-2 til bortelaget då Tom Asheim for Nedstrand kom åleine med keeper, og sette ballen fint i nettet. Bortelaget auka til 1-3 etter eit frispark, før René Wiklund lurte ein tunell gjennom beina på keeper og det stod 2-3.
Dei siste minutta blei spennande, då bortelaget fekk ein spelar utvist. Men Nedstrand greidde ikkje å utlikne før dommaren bles av kampen.

Bilde:

Akkurat nå spiller Stegaberg 2 mot Ferkingstad 2. Stegaberg ledet 3-1 ved pause, men nå er stillingen 3-3.