: Alle barna som sprang barneløpet fekk vel fortent medalje rundt halsen av Vibeke Skofterud.
: Alle barna som sprang barneløpet fekk vel fortent medalje rundt halsen av Vibeke Skofterud. Foto: Ingvild MyklebustBilde 1 av 6
Skjermbilde 2016-09-04 kl. 18.00.26
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2016-09-04 kl. 18.00.06
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2016-09-04 kl. 18.00.01
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2016-09-04 kl. 17.59.46
Bilde 5 av 6
Skjermbilde 2016-09-04 kl. 17.59.33
Bilde 6 av 6

Sprek folkefest

Deltakarar i alle aldrar jobba seg opp bratte bakkar og spurta i mål i det årlege Sluseløpet i Skjoldastraumen, som i år bada i strålande haustsol.

Sluseløpet består av ein trimklasse, eit barneløp og eit konkurranseløp. Det ligg prestisje i å vinne konkurranseløpet, og i år vart det bortsiger på både dame og herresida. Lars Lunde frå Stord IL vann herreklassen, medan Maryana Novik frå Vikedal stakk av med sigeren i dameklassen.
– Det er første gong eg deltek på dette løpet, og eg må seie at det er veldig kjekt å sjå kva dei har fått til her i Skjoldastraumen. Dette er eit uvanleg publikumsvennleg arrangement, der publikum får sjå oss løparar fleire gonger i løpet av 4,5 kilometer, seier vinnar Lars Lunde.
Thomas Finshus, som vann løpet i fjor, tok andreplass på heimebane.

Tidlegare langrennsløpar Vibeke Skofterud gjesta i år arrangementet, til stor glede for både store og små. Ho delte ut premiar til barna som sprang barneløpet, og deltok sjølv på konkurranseløpet. Ho kom på 8. plass i dameklassen, og var nøgd med eigen innsats i løypa.
– Det var veldig gøy å vere med på dette arrangementet. Eg synest løypa var fin, med kombinasjon av gras og grus. Plassering er ikkje lenger så viktig for meg, men eg håper at eg gjorde ein grei jobb med å motivere og heie på andre løparar i løypa, seier Skofterud etter konkurranseløpet.

Topp 3 plassering:
Herrer:
1. Lars Lunde, Stord IL, 15.04
2. Thomas Finshus, Stegaberg IL, 15.22
3. Nils Haktor Bua, Spirit Stavanger Friidrett, 16.09

Damer:
1. Mayana Novik, Klypetussen, 16.50
2. Ane Alme, Frøyland, 18.23
3. Pia Susann Finshus, Team Finshus, 19.37