Gutane Adrian Langkås og Krissander Grindhaug fekk sitte framme i brannbilen og køyre rundt i Aksdal ein tur. Foto: Ingvild R. Myklebust
Gutane Adrian Langkås og Krissander Grindhaug fekk sitte framme i brannbilen og køyre rundt i Aksdal ein tur. Foto: Ingvild R. Myklebust

Boltra seg på Babeluba

Hundrevis av barn leika seg på Babeluba i Aksdal i dag. Ungane var høgt og lågt, i klatreveggen, i bassenget, på brannstasjonen og mange, mange andre stader.

Plassen framføre Tysværtunet var full av ymse aktivitetar for barn i sommarvêret. Nokre var kjende medan andre attraksjonar var nye av året.
Babeluba er dagen der lag og foreiningar verkeleg får vist fram kva dei driv med, og saman lagar ein svært underholdane og kjekk dag for barn frå 1. til 7. klasse.
Det var mange gledesrop å spore i Aksdal laurdag, samt mykje energi, kreativitet og nye utfordringar. Somme prøvde seg på båtkøyring i eit basseng ute, og i idrettshallen utfordra mange seg sjølve ved å sette utfor ziplinen som var installert i idrettshallen.

Full fart
På brannstasjonen var det full fart, der barna fekk køyre brannbil og prøve å spyle med dei store vassslangane.
Gutane Adrian Langkås og Krissander Grindhaug fekk sitte framme i brannbilen og køyre rundt i Aksdal ein tur. Med sirener og blålys på, sjølvsagt. Det var stor stas.
– Det var kjekt å køyre i brannbilen. Eg synest det var spesielt kjekt at eg fekk ha på meg hjelmen, seier Adrian Langkås entusiastisk etter at han kjem ut av bilen.