skjermbilde-2016-09-22-kl-08-38-36
Bilde 1 av 3
Skolejogging Grinde
Skolejogging GrindeBilde 2 av 3
skjermbilde-2016-09-22-kl-08-38-43
Bilde 3 av 3

Joggedag Grinde

Grinde skule har i dag gjennomført den årlege joggedagen.

Som dei føregåande åra, hadde vi vêret med oss. Heile skulen starta opp i amfiet der rundløypa på 1,6 km blei vist på storskjerm. Deretter gjekk alle elevane ut og Trivselsleiarane hadde oppvarming med nrk sin Blime dans 2016. På den første runden måtte fadrane følgje fadderbarna sine slik at alle var trygge på ruta. Deretter kunne dei jogge så mange rundar dei klarte på den tida dei hadde. Alle dei vaksne sto rundt i løypa med gule vestar. Dei fungerte som både vegvisarar, trafikkpatrulje og heiagjeng. Elevane fekk stempel for kvar runde. Totalt blei det tilbakelagt 936 rundar som svarer til 1497,6 km. Dette er strekninga mellom Grinde og Bodø!

Elevrådet hadde gått inn for ei frivilleg startkontigent på 20 kroner. Det var og pølsesal i skulegarden etterpå. Overskotet blei 5.285 kr som elevrådet har bestemt skal gå til TV aksjonen.