Frå starten av joggedagen i Straumen. Foto: Morten Salvesen
Frå starten av joggedagen i Straumen. Foto: Morten SalvesenBilde 1 av 5
skjermbilde-2016-09-22-kl-08-44-32
Bilde 2 av 5
skjermbilde-2016-09-22-kl-08-44-14
Bilde 3 av 5
skjermbilde-2016-09-22-kl-08-44-07
Bilde 4 av 5
skjermbilde-2016-09-22-kl-08-43-57
Bilde 5 av 5

Joggedag Straumen

Nesten 90 elevar ga det dei hadde då Straumen skule hadde skulejogg for born på flukt.

Det blei ein nyttig skulejogg i Straumen
Straumen skule valde den internasjonale fredsdagen 21. september til å avvikle den tradisjonelle skulejoggen i godt samarbeid med FAU.
Først samla skulen seg i gymsalen der det var info om dei over 20 millionar borna som er på flukt i dag. Desse trenger all støtte dei kan få, og gjennom skulejoggen skulle Straumen samle inn så mykje som mogleg. Etter song og oppvarming med Blime-dansen var alle klar til å jogge løypa som gjekk frå skulen rundt Notaflåt og tilbake. Litt over to km. I cirka 90 minutt sprang elevane så mange rundar dei orka. På førehand hadde dei skaffa seg sponsorar som ga dei pengar pr. runde.
FAU stilte opp med to frukt- og saftstasjonar, og fleire vaksne rundt i løypa som heia på ungane i det nydeleg véret.
Seinare på dagen var det samling på ny i gymsalen. FAU hadde skaffa gevinstar som blei trukke ut blant elevane. Kvar klasse fekk to gåvekort frå Tysværtunet. I tillegg blei nokre Skulejogg t-skjorter frå SOS Barnebyar delt ut til dei som gjorde ein ekstra innsats denne dagen.
Det blei også kåra ei vinnargruppe etter ein natursti tidlegare i haust, og ein PALS-pokal blei gitt til den klassen som har vore ekstra god til å hjelpe og spreie glede på skulen dei siste vekene.