Det blir for tida tatt ut skog frå Nesøya i Skjoldafjorden.
Det blir for tida tatt ut skog frå Nesøya i Skjoldafjorden.

Ørna forsvann – kan ta ut skog

Det er for tida uttak av granskog frå Nesøya i Skjoldafjorden. Ein svær lekter vitnar om at det er ein svær jobb.

– Eg kan stadfeste at det er igangsatt eit arbeid med å ta ut granskogen på Nesøya. Det er verksemda Nortømmer som utfører jobben og dei skal frakte tømmer inn til Isvik, for vidare transport, seier Jan Erik Larsen i Tysvær kommune.
Fleire har kontakta Bygdebladet i løpet av helga, og lurt på om kva det er som skjer på øya, som ligg i grensa mellom Skjoldafjorden og Grindafjorden.
– Me var på synfaring der for eit år sidan. Då var det havørn og hønsehauk som hekka der. Det er heilt spesielle reglar for å ta ut skog i hekkeområdet for rovfugl. Nå er desse fuglane vekke og det blei opna for hogst av planta granskog. Når desse trea er tatt ut, skal det plantast gran på nytt, seier Larsen.
– Så dette er snakk om vanleg skogdrift?
– Ja, det er det. Men me sett pris på at folk er interessert og melder i frå om slikt. Å ta ut skog er noko som ein vanlegvis berre varslar om. Denne gongen blei det gjort heilt korrekt med tanke på rovfuglane. Dei ser ut til å ha funne seg ein anna hekkestad, seier Larsen.
Det er ikkje kjent kor lenge arbeidet vil ta.