Sveinung Stensland, Tormod Andreassen og Gunnar Stakkestad under dagens næringskaffi. Foto: Mona Terjesen
Sveinung Stensland, Tormod Andreassen og Gunnar Stakkestad under dagens næringskaffi. Foto: Mona Terjesen

Store moglegheiter for nærings-Tysvær

Rogfast gir Tysvær og Haugalandet store moglegheiter. Det var alle samde om under kommunen sin næringskaffi måndag ettermiddag.

Fleire ulike næringsaktørar og politikarar frå ulike deler av fylket var samla under «næringsdrøsen» til Tysvær kommune.
Under namnet «Me vil, vegen fram mot 2025!», stod desse temaa på lista over tema som skulle diskuterast;
Tema 1: Rogfast gjer nord- og sørfylket landfast, begrensing eller muligheit. Potensiale for samarbeid mellom næringsområda på E39.
Tema 2: Oppdrett; produksjonen skal femdoblast fram mot 2050. Korleis sikre at noko av veksten blir lagt til oss? Er landbasert oppdrett vegen å gå?
Tema 3: Energiprosjektet; kvifor skal Haugalandet vera energiregionen framfor alle?»

Ingen konkurrent
Då Rogfast og regionen si framtid i så måte, skulle diskuterast, fekk dei frammøtte sjå korleis dei hadde klart det på Forus i sørfylket, og korleis næringsparkane i begge deler av Rogaland kan samarbeide og utfylle kvarandre i framtida.
– Forus er ingen konkurrent for næringsparkane her. Det bør absolutt vere moglegheit for eit samarbeid mellom nord- og sørfylket, poengterte stortingspolitikar Sveinung Steinslad (H).
– Ein skal hugse på at det ikkje er lagt til rette for næringsindustri nummer 3 på Forus. Det vil seie industri som bråker eller luktar. No skal det bustadar der også, og snart vil det antakeleg ikkje vere rom for næringsindustri nummer 2 heller. Det er utruleg viktig at ein her tenker bevisst på dette. At ein ikkje bygger inn og begrenser næringsparkane her, men ser at ein kan nytte seg av Forus sine begrensingar, kommenterte Tormod Andreassen i NHO.
– Me må gjere oss klare. Rogfast kjem snart, og me må førebu oss. Skal me få noko til så må me jobbe saman, poengterte ordførar Sigmund Lier.
– Vestlandet må framstå som storregion og Rogaland er og har lenge vore eit vekstfylke. Det er klart at me no må stå saman. Det blir lett slik at ein jobbar kvar for seg, det må me gjere noko med, nikkar næringsparkleiar på Gismarvik Gunnar Stakkestad.