I morgon legg fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa fram tilrådinga til ny kommunestruktur i Rogaland. Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland.
I dag la fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa fram tilrådinga til ny kommunestruktur i Rogaland. Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland.

Anbefaler samanslåing av Tysvær og Bokn

Klokka 12.30 i ettermiddag avslørte Magnhild Meltveit Kleppa kva kommunar fylkesmannen ønskjer skal slå seg saman i kommunereforma. Bokn og Tysvær blir anbefalt å nok ein gong vurdere ei samanslåing.

Fylkesmannen tilrår i denne omgang samanslåing mellom Rennesøy, Finnøy og Stavanger, Sokndal og Egersund, Strand og Forsand.
Tysvær og Bokn er bedt om å sjå på intensjonsavtalen sin igjen – for å komme fram til avtale om samanslåing. Det same er Utsira og Haugesund/Karmøy.

Følgjande kommunar blir tilråd slått saman frå 2020:
Stavanger, Rennesøy og Finnøy
Sokndal og Eigersund, som første endring i Dalane
Forsand og Strand, som første endring i Ryfylke
Vidare prosess

Med grunnlag i dei utgreiingane som er gjort, tilrår Fylkesmannen at arbeidet med å danne nye kommunar i Rogaland held fram. Dei mest aktuelle kommunane for vidare dialog er:
Bjerkreim og Lund (Sokndal og Eigersund)
Hjelmeland (Strand/Forsand)
Bokn (Tysvær)
Utsira (Haugesund/Karmøy)
Randaberg, Sola og Kvitsøy («Nye Stavanger»)