Joggedagen ga 35.000 kroner til ein skule i Nepal.
Joggedagen ga 35.000 kroner til ein skule i Nepal.Bilde 1 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-31-41
Bilde 2 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-31-35
Bilde 3 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-31-22
Bilde 4 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-31-10
Bilde 5 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-31-03
Bilde 6 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-30-47
Bilde 7 av 8
skjermbilde-2016-10-17-kl-15-30-41
Bilde 8 av 8

Joggedag på Førland skule

Her er bilder og ei oppsummering frå den populære joggedagen på Førland skule.

Førland-elevar joggar inn 35000
Sola skein om kapp med ca 80 elevar og lærarar frå Førland skule som sprang av garde, runde etter runde i joggeløypa! Mange hadde sett seg store mål om tal på rundar og store beløp som sponsorane deira skulle betale. Og foreldre og besteforeldre stilte opp. Dei fleste med økonomisk støtte, og nokre med praktisk hjelp. Også Meny Aksdal hjalp til ved å sponse frukt og saft! Dei eldste barna i barnehagen kom også og var med ein runde i løypa.
Som i fjor skal pengane som blir samla inn sendast til ein skule i Kathmandu, Nepal, Elim Kids Academy. Der er det ca 250 elevar frå 1. til 10. klasse. Meir enn halvparten av barna kjem frå heimar der foreldra ikkje har økonomi til å betale skulepengar for barna sine. Skulen er kjent for å ha høg kvalitet og dei er opptekne av at elevane også må vera fysisk aktive. Det er det ikkje lett å få til i ein liten skulegard midt i ein tett by. Noko av pengane frå Førland blir øyremerkte til å finansiere ein aktivitetsdag for elevane på EKA, noko dei set stor pris på.

Av Ingunn Moi