Hanne Sørvaag er ute med ny plate.
Hanne Sørvaag er ute med ny plate.

Ei lysande juleplate

Hanne Sørvaag likar country, jul og dei nydelege songane. Det har ho vist gjennom si nye juleplate.

For dette er nesten så «pent» servert at det er på grensa til for «pent». Men ho ror det i land med eit knippe country/pop/vise låtar som skaper julestemning så det held i massevis.
Litt fyll er det, men ikkje nok til å øydelegge ein solid femmer i Bygdebladet.
Produsent og musikar Arvid Wam Solvang har pakka musikken inn i eit lydbilete som står godt til Sørvaag si stemme, men også songar.
Etter ei litt forsiktig opning med «Something With an A» kjem første godbit allereie som spor to. Balladen om varm sjokolade og marshmallows smyg seg inn og skaper god førjulstemning.
Platas beste/finaste song er allereie i høgtalaren som spor tre. «Oh, December» med ei solid oppbygging med trestemt vokal og eit flott piano som følgjesvenn er Sørvaag på sitt aller beste. Og det fortel ein del om songfuglen med sterke aner frå Tysvær.
Deretter går det litt opp og ned både i tempo og kvalitet før ho presenterer ein flott versjon av «Little Drummer Boy». Mange har prøvd seg på denne, både med og utan hell. Her snakkar me om hell. Igjen nydeleg vokal og trestemt song som gjer at ein skrur opp volumknappen.
Sørvaag ikkje berre flørtar med country, ho har tatt sjangeren på alvor. Sjølv om dei seks første spora berre har vage innslag av Nashville så dukkar det opp ei skikkeleg country julelåt som spor sju. Og det er ikkje vanskeleg å skjønne kvifor dette er musikk som sel i bøtter og spann. Steelgitar som komp og klokkeklar countrystemme.
Tekstane til Sørvaag og hennar medkomponistar er underfundige og samstundes lette å kjenne seg igjen i. Den beste er «Shiny Jukebox». Der gjer ho det klinkande klart at ho har nok kjøkkenhandklede, sølv og klede. Ho vil ha ein skinnande jukebox. Kven vil vel ikkje det?
Eller kva med julenissens hjelper som aldri får noko til jul? Stakkar, kanskje ikkje nok til å felle ei tåre av, men musikk og tekstar til å få seg ei god stund ved høgtalarane av.
Og i desse nedlastingstider er det herleg med artistar som framleis gir ut noko fysisk. Å sitte med boklet i handa og følgje med er framleis noko i alle fall eg set pris på.
Sørvaag har konsert i Aksdal 11. desember.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

«Christmas Lights»
Hanne Sørvåg
CD
HANNE344
Med bla.: Arvid W. Solvang, Lewi Begrud, Lars-Erik Dahle, Knut Hem, Tore Blestrud og Martin Windstad.
daWorks Entertainment
2013