Gunnar

Gunnar Toft – Tid

Når Gunnar Toft 18. april gir ut debutplata «Tid» har det nettopp tatt – tid.

Men det kan ha vore lurt for produktet verkar svært gjennomarbeida og solid i alle ledd. Ta litt FordRekord, ein saksofon og dugelig med «Toft», miks dette saman og jepp så har ein ingrediensane i «Tid».

Debutplata har det meste for å halde på lyttaren og ein blir av ein eller annan grunn glad av å høyre på Toft sine meir eller mindre underfundige tekstar og melodiliner. Ein av grunnane er opninga og tittelsporet «Tid». Det er verken meir eller mindre ein hit. Og når ein blir dratt med i «Noen» som song nummer to, ja så er ein i gong.

Kanskje er dette eit «like eller ikkje like i det heile tatt- album». Det er viser og det er visepop, men gutane i bandet er slett ikkje redde for å dra til når dei slepp til. Eit godt eksempel er «E nok ein» kor lydbilete blir herleg kompakt, utan å vere støyande.

Gunnar Toft vil alltid, om han vil eller ei, bli samanlikna med andre musikalske Toftar frå Haugesund. Det treng han ikkje vere redd for, men det kan vere vanskeleg å tidvis skilje mellom dei tre brødrane.

Musikalsk har Gunnar Toft fått med seg ei gjeng musikarar som passar godt til hans slentrande stil. Det er vellyd og mykje å høyre etter. Det er ein kunst å få til eit slikt lydbilete på ein CD. Det skal bli spanande å høyre dette live, for her er det klart både låtar som kan girast opp og ned, alt etter konsertsal. Me gleder oss.

«Tid» har låtar som er klare seksarar og minst like klare firarar. Derfor landar plata på ein femmar hos oss.

Faktaboks


Tid

Gunnar Toft

gunnar toft cover

Gunnar Toft – vokal og gitarer

Jarle Strømsvold – gitarer og vokal

Lars Eirik Støle – tangenter

Yngve Askeland – basser

Karl Christian Grønhaug – blåseinstrumenter

Øyvind Børgesen – slagverk