Oppdatering i Aksdal

6. mars møtest representantar frå det politiske Tysvær, Vegvesenet, Snøhetta og Aksdal Senterutvikling (ASU) i rådhuset til eit opent møte om framdrifta i Aksdal. Det er vel ikkje noko overdriving å seie at det blir spennande.

Tysvær Bygdeblad snakkar jamleg med fleire av dei involverte i planlegginga og investeringa i Aksdal. Felles for dei er oppfattinga av at det må skje noko nå.

Planane om ein by ved vatnet er etter kvart blitt mange og litt vanskeleg å halde tråden i. Difor kan eit oppsummeringsmøte nå vere på sin plass. Kor mykje nytt som kjem fram er eg derimot litt meir skeptisk til. Det me veit er at ein nå har planar om å bygge leilegheiter også oppå taket av det nye senteret i tillegg til bustadane ved og delvis rundt Bongsatjørna. Det er også etter det me erfarer gjort nye grep for å få inn ei meir realistisk økonomisk ramme på prosjektet.

Likevel er det representantane frå Vegvesenet det er høgast forventningar til. For det er snart ingen som ikkje meiner at det er vegløysingane og prisen på dei som tilslutt avgjer om det skjer noko som helst i Aksdal. Eit anna viktig moment er tidsaspektet på eventuelle vegplanar og løysingar. Snakkar me om fem år fram i tid, ti, tjue?

Og då kjem dei neste spørsmåla rimeleg raskt.

– Kor lenge kan ASU vente med sine investeringar?

– Og kva krav skal ein stille til ASU i framtida?

– Kva med Tysvær kommune si rolle i dette. Kor mykje skal dei investere i Aksdal by?

Dette er vanskelege spørsmål og også litt «såre» spørsmål å få svar på. Ordføraren har vore krystallklar på at kommunen ikkje kan gå inn med store investeringar eller forskott på vegløysingar. Det same gjeld for ASU. Dei har fokus på senteret og bustadane som skal vere med å finansiere dette.

Likevel, og dette er viktig i det vidare arbeidet med Aksdal, er det framleis ein optimisme. Ein er innstilt på å kjempe vidare med å få til noko. Ein vil skape noko i kommunens sentrum. Noko som er framtidsretta, og som gir heile kommunen eit løft.

Heldigvis ikkje for ein kvar pris.

Onsdag får me alle som vil ei oppdatering på korleis det ligg ann. Det skal bli spennande.