Gratulerer med dagen

I desse dagar kan Olav Nygaard sjå tilbake på 50 år som kunstnar og sin eigen 75 årsdag. I tillegg er han aktuell i biletgalleriet i Haugesund med ei jubileumsutstilling. Utstillinga er hans 72. Imponerande alt saman.

For mange av oss, kunstelskarar eller ikkje, er Olav Nygaard eit kjend kunstnamn. Han heng etter kvart på mange veggar og har med sine mange utstillingar i over 50 år vist fram fargar og landsskap for eit stort publikum. Det er ei ikkje ubetydeleg samling bilete som har funne vegen til galleri, skular, næringsbygg og private adresser.

Eg er ingen stor kunstkjennar eller kunsthistorikar, men set stor pris på å bli invitert inn i den sympatiske mannen si verd. Hans forteljingar om spennande reiser i både nord og i sør fasinerer. Det same gjer hans blikk for motiv og fargar. Slett ikkje ulikt det «auge» me som fotograferer ønskjer me har med oss i jobb samanheng. Det ligg historier og kjærleik bak alle bileta hans. Om motiva dukkar opp i hans elska København eller på det norske høgfjellet. Han er meir enn berre ein målar, han er også ein skildrar, ein som fortel om kor fint, kor spesielt og kor spennande naturen er. Han gjer det som ein stor kunstnar.

I Tysværtunet heng det eit stort måleri i Nygaardsalen. Det var slik eg møtte kunsten hans første gong for mange år sidan. I Lars Hertervigs rike er Olav Nygaard det næraste me kjem ein lokal nasjonal kunstnar. Om han må finne seg i å måtte leve i Hertervigs skugge, ja så trur eg det er ein skugge han lever godt i.

Når han nå heng opp 40 nye måleri i biletgalleriet i Erling Skjalgssonsgate i Haugesund så er det samstundes ein open invitasjon til å komme, sjå og oppleve det som ligg bak kvart enkelt bilete. Det er stemningar, fargar og landsskap, som på ein måte gjer deg stolt over å vere ein del av det. Om det er motiv frå Island eller «nordaførr» gjer ikkje noko som helst. Dette er Vestlandet i oss, som det heiter så fint. For når ein står der i galleriet og ser på sjøvaska svaberg i ein fargesprakande eld eller ei lynghei på fjellet i haustfarganes glød, så kan ein nesten kjenne luktene, høyre lydane og kjenne freden i kroppen. Å framstille slikt med ei sparkelskei eller ein slitt kost på lerret er kunst. Det er stor kunst og eg er oppriktig glad for at me har ein slik kunstnar i nabolaget.

For det er også ein kunst å vere skjerpa og stadig på jakt etter det neste motivet etter 50 år med penselen. Lerret er alltid kvitt når ein startar. Kunsten er å gjere det om til gull.

Den kunsten kan Olav Nygaard, 75 år ung, i sin 50. sesong.

Gratulerer med dagen.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør