Positiv utvikling

ARBEIDSLIV: Trenden med nedgang i arbeidsløysa i nord-fylket held fram i februar. I dei åtte nordlegaste kommunane er det 262 færre som er heilt utan arbeid denne månaden samanlikna med februar i fjor. Det utgjer 74 prosent av den totale nedgangen på 353 personar i Rogaland.

I alt er det 4352 personar som er heilt utan arbeid i Rogaland denne månaden og dette utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på 8 prosent samanlikna med same månad i fjor. Ingen andre fylker har større nedgang i arbeidsløyse eller lågare del personar heilt utan arbeid enn Rogaland.

I Tysvær var 94 personar utan arbeid, noko som er 1,8 % av arbeidsstyrken.