Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Samlar inn pengar til nytt brannutstyr

Brannvesenet fekk knapt nye klede i kommunen sitt budsjett. Derfor hjelper det ekstra på når pengane under Nedstrand Helselag sin påskebasar går til nødvendig brannutstyr.

– Me må ein tur ned for å sjå på stolen som Olav Asheim har laga, han er 92 år og har skåre ut ein nydeleg stol i tre, den blir ein av premiane til basaren, seier Gunnar Våge.

Me er i Nedstrand, ein nydeleg vinterfredag. Med steikande sol på blå himmel, glitrande hav og eit frostslør som dansar langs asfalten. Me har treft Gunnar Våge frå det frivillige brannkorpset i bygda og Inger Johanne Djursvoll frå Nedstrand Helselag på brannstasjonen. Me skal snakke om den årlege påskebasaren til helselaget som i år går til inntekt for nytt utstyr til brannkorpset.

– Ja, me må sjå på stolen først, den er ein gjev premie som heilt sikker mange vil sette pris på å vinne, nikkar Inger Johanne.

– Folk er utruleg flinke til å gi

Stolen står hos Joker Nesheim Hauge & Co og freistar, og der inne treff me butikkeigar Marianne Nesheim Hauge. Ho har vore med i Nedstrand Helselag i mange år, og legg kvart år loddbøkene til den årlege basaren fram i butikken, på eit lite bord med to stolar og gratis kaffi på bordet.

– Det er ekstra mykje givarglede denne gongen, sidan pengane går til eit spesielt formål, så langt lovar det godt, seier ho og viser oss to nesten fulle loddbøker.

– Folk er utruleg flinke til å gi. Eg og dottera mi var ute og selde lodd i går, og ikkje ein einaste person sa nei. Det er heilt fantastisk. Ei på jobben min på Tveit vidaregåande sa ho tippa me får inn 27.000 kroner, det hadde vore veldig kjekt å få så mykje, men me vågar ikkje spekulere for mykje, seier Gunnar blidt.