Svar til Steinar Stølsvik

Steinar Stølsvik, Yrke, refererer i Tysvær Bygdeblad 7. mars til det han kallar «hardnakka rykte» om at rådmannen i Tysvær har eigarinteresser i eit firma som står bak AF Decom i Vats.

Eit eventyr av H. C. Andersen handlar om ei fjør som etter ein lang tur på ryktebørsen etter kvart blei til fem høns. Fjøra i mitt tilfelle trur eg må ha vore omtrent denne: Våren 2008 fekk eg besøk av Jon Erik Evensen som er tidlegare medeigar i det konsulentfirmaet eg dreiv fram til eg byrja som rådmann i Tysvær i 2007. Jon Erik er født i 1934 og har vore adm. direktør i Ragnar Evensen AS, som på 90-talet vart overtatt av AF gruppen som dotterselskap. Under besøket ordna eg med omvisning på Kårstø, og vi var også ein tur i Vats der vi besøkte AF Decom og Raunes fiskefarm.

Eit par år seinare, i den diskusjonen som oppsto omkring AF Decom si verksemd i Vatsfjorden, meinte nokon å vite at rådmannen i Tysvær hadde forretningsmessig samarbeid med AF gruppen, og difor var ugild i saka. Formannskapet vart alt då orientert om kva som reint faktisk er tilfelle: Eg har i Jon Erik ein god bekjent og heidersmann som tidlegare har arbeidd i AF gruppen, men mitt samarbeid med han har ingen ting med AF å gjera. Som eg også har rapportert til Styrevervregisteret, sit vi framleis i eit bedriftsstyre i lag, i det som for tida er eit ikkje aktivt selskap. Sjølv har eg aldri hatt noko forretningsmessig samarbeid med AF, verken i den tida eg har vore rådmann i Tysvær eller tidlegare. Det kan følgjeleg trygt leggast til grunn at eg og kommunen sin fagadministrasjon sjølvsagt vil opptre upartisk i alle våre faglege vurderingar og tilrådingar i relasjon til Yrkjefjorden.

Arvid S. Vallestad

Rådmann